Er det du som skal setja fart og retning for arbeidet med grøn omstilling?
Grøn Region Vestland leitar etter deg som brenn for grøn innovasjon og næringsutvikling, og som vil leia arbeidet med å realisera grøne initiativ.
– Dette må vera ein av dei mest spennande stillingane som er lyst ut for tida, seier Kristine Kopperud Timberlid, rekrutterande leiar i Innovasjon Noreg Vestland.
Grøn region Vestland er eit samarbeidsprosjekt mellom styresmakter, bedrifter og mange gode hjelparar i fylket. Med Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg i leiinga, og eit breitt regionalt partnarskap i ryggen vil prosjektleiaren vera ei sentral drivkraft i arbeidet med å auka samhandling, dela ressursar og kunnskap mellom forsking, utdanning, offentlege aktørar og næringslivet.
Då er det midt i blinken å sitja midt i smeltedigelen av kunnskap på Campus Sogndal.
Vekstsentrum Sogndal
– Sogndal er eit vekstsentrum der ein er godt plassert for denne typen nettverksjobb. Her har me sterke fagmiljø, eit spennande næringsliv og kort veg til å jobba tett med heile resten av Vestland, seier Kopperud Timberlid.
Ho er også avdelingsleiar i Sogndal og har særleg ansvar for eksport og internasjonalisering.
No handlar det om å setja fart og retning
– Det er gjort ei omfattande kartlegging der me har identifisert innovasjonsprosjekt og verdikjeder som kan lukkast med å auka eksporten og verdiskapinga, skapa nye arbeidsplassar, samstundes som me tek vare på klima og miljø.
Vestlandsscenarioa 2020 peikar på heile 11 nye verdikjeder og 24 forretningsområde der Vestland kan ta ei leiande rolle og auka konkurransekrafta si
No skal initiativa realiserast.
– No når me veit meir om terrenget og marknadane kjem det viktige arbeidet med å finna fram til dei tiltaka me må setja i verk for å utnytta moglegheitene og overvinna barrierane. Med utgangspunkt i konkurransefortrinna i regionen skal me leggja til rette for pilotar og oppskalering av forretningsinitiativ, seier Kopperud Timberlid
Kontorstad Sogndal
Du kan velja om du vil ha kontorstad hjå Innovasjon Noreg i Bergen eller i Sogndal.
Kvifor ikkje sikra grøn og berekraftig verdiskaping i Vestland frå vekstsentrumet Sogndal?
– Sogndal er eit godt utgangspunkt for ei slik stilling, smiler Kopperud Timberlid.