Ung og ny i arbeidslivet?
Er du ung og nytilsett i Sogn? Kanskje er du på veg inn i din fyrste jobb? Eller har du fått sommarjobb?
I Sogn skal du få ein trygg, spennande og fin overgang frå studietid og inn i arbeidslivet. Bruk samlingsplassane for unge til å få gode råd i starten av karriera di, og utvid nettverket saman med andre som også vil litt meir.
Følg oss gjerne på Facebook
Hald deg oppdatert
På denne sida vil det koma felles annonsering for sommarjobbar i Sogn, informasjon om møteplassar for unge - og meir informasjon om kor bra det er å vera ung og nyutdanna i Sogn.
Arrangement
Nytilsett i Sogn? Bli kjent med næringslivet og spennande tilbod
12. september, kl 18.00, Dampskipskaien Sogndal
Er du nytilsett, nysgjerrig student som snart skal ut i arbeidslivet eller bare gira på ein uformell sosial aften etter jobb?
Bli med på ein sosial og hyggeleg kveld hvor du får kjennskap til lokale nettverk som du kan dra nytta av både i jobben og på fritida og andre spennande tilbod. Kom å bli kjent med nye folk og nettverk!
Sjå arrangementet her