Hafslo
Vil du ha kortast mogeleg veg til pudderkøyring frå heisbasert anlegg? Då er det på Hafslo du bør bu. Sentralt plassert midt mellom Sogndal og Gaupne, med gunstige tomte- og husprisar og eit rikt naturbasert aktivitetstilbod med mellom anna paragliding, fugletitting, fiske, langrenn og tilrettelagde turstiar.
Med flott plassering midt mellom Sogndal og Gaupne,
gunstige tomte-og husprisar og eit rikt naturbasert aktivitetstilbod, er dei nye byggefelta på Hafslo attraktive både for førstegongsetablerarar, småbarnsfamiliar og studentar.
Servicebygg og offentlege bygg som skule, hotell, omsorgsbustad og butikkar ligg i sentrum, men sjølve bygda strekker seg kring heile Hafslovatnet og til det langstrakte Veitastrondvatnet opp til Høgste Breakulen på Jostedalsbreen. Vegetasjonen i området er både naturleg, kulturpåverka og menneskeskapt, og det er framleis eit rikt dyreliv kring Hafslo. Fugletitting er ein spesielt populær aktivitet for fugleentusiastar og ornitologer ved fuglefredingsområdet i vestenden av Hafslovatnet.
Natur og friluftsliv
Alpinbakken med 550 meter fallhøgde og med eit skitrekk på 2002 meter er det ein av dei lengste i landet. Kloss i anlegget finn du ein tilrettelagt og drenert terrengsykkelsti som kan syklast i all slags vêr. Sogn Paragliderklubb tilbyr årlege kurs for ferske flygarar i dei slakke bakkane oppom Hafslovatnet, medan dei erfarne pilotane ser du gjerne med speedglideren i skisenteret. Aure av prima kvalitet får du i Hafslovatnet sommar som vinter. Om vinteren frys Hafslovatnet til stålis – og byr på enno fleire aktivitetar: Trakka skiløyper og brøyta skøytebane, modellflyklubben i Sogn brukar isen som god landingsstad.
Inngangsporten til Veitastrondi
Hafslo er inngangsporten til Veitastrondi, som i lange tider var ei av dei mest avsidesliggjande og avstengde bygdene i fylket. Tungestølen turisthytte ligg idyllisk til der Langedalen og Austerdalen møtest, i utkanten av Jostedalsbreen. DNT-hytta, arkitektteikna av Snøhetta, opna av HM Dronning Sonja i 2019, ligg der ved inngangen til breriket og eit landskap som av W.C. Slingsby i si tid skisserte som truleg det flotteste brelandskapet i Europa.