Professor med sentral rolle å heva forsking og kompetanse hjå HVL og i små- og mellomstore bedrifter
– Det er stor verdiskaping i regionen vår, noko som skuldast ein kombinasjon av naturgjevne føresetnader og folka som bur og arbeider her. Professoratet er tenkt å bidra til å vidareutvikle dette. På den eine sida gjennom å bidra i utdanningane ved økonomi- og administrasjon i Sogndal, men og gjennom samarbeid med næringslivet ved å auka kunnskapen og kompetansen i bedriftene.
Det seier førstelektor Leif Jostein Longvanes ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).
Han fortel om stillinga som er lyst ut ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap: Ei fast stilling som professor i leiing med vekt på leiing og utvikling av små og mellomstore bedrifter.
Ei svært spennande stilling for den rette kandidaten.
– Me ønskjer å rekruttera ein professor som har ambisjon, interesse og evne til å arbeida med vidareutvikling av den faglege profilen ved Institutt for økonomi og administrasjon. Fagmiljøet på dette området i Sogndal er ikkje stort, difor er det viktig at den som vert tilsett kan sjå på tvers av fagdisiplinane marknadsføring, strategi, organisasjon, bedriftsøkonomi og samfunnsøkonomi i tillegg til å delta i tverdisiplinære prosjekt.
Få lov til å forska i eit «eige laboratorium»
– Sogn er eit svært spanande «laboratorium» for å driva med forsking på koplinga mellom naturgjevne føresetnader, politiske rammevilkår, verdiskaping og bedriftsutvikling. Næringar som reiseliv, fiskeoppdrett, kraftkrevjande industri og nye næringar som IT er alle godt representerte i regionen og vi vonar at med den rette professoren på plass skal vi kunna få til gode forskingsprosjekt på desse områda.
Til stillinga ligg det undervisning og rettleiing av studentar ved dei økonomisk-administrative utdanningane ved instituttet i tillegg til forsking.
På veg mot Universitetsstatus
HVL har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har som mål å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studiar og Institutt for samfunnsvitskap. Fakultetet har om 2700 studentar og 140 tilsette.
Velkomen til eit ungt og ambisiøst arbeidsmiljø
– Fagmiljøet hjå oss har fleire unge og ambisiøse medarbeidar og me treng nestorar som kan bidra til at desse ambisiøse medarbeidarane får hjelp og støtte til å auka forskinga og kompetansehevinga i miljøet. Professoren er tiltenkt ei sentral rolle i dette arbeidet og det vil såleis vera fleire som vil kunne delta i prosjekt og bidra i den framtidige forskingsaktiviteten, smiler Longvanes, og legg til:
– Aktuelle søkjarar må gjerne ringja meg eller koma på besøk til Sogndal for å bli betre kjent med oss, bedriftene, folka som bur og arbeider her og det gode arbeidsmiljøet me har.
Søknadsfristen er 2. oktober.