Vil du skapa attraktive lokalsamfunn for fastbuande, besøkjande og næringsdrivande? 

– Ei spennande stilling for deg som er interessert i å jobba med utvikling av lokalsamfunn, seier Steinar Fredheim, avdelingsdirektør i Distriktssenteret.

No har han ledig stilling med arbeidsoppgåver i Merkur-programmet, programmet som skal sikra innbyggjarane i distrikta tilgang til ein god daglegvarebutikk i nærområdet. 

– I denne stillinga får du jobba tett mot målgruppa som er butikkdrivarar som verkeleg brenn for jobben sin og for utvikling av lokalsamfunnet sitt, smiler Steinar. 

Nærbutikken er viktig 

Nærbutikken spelar ei viktig rolle i arbeidet med å skapa lokalsamfunn som er attraktive for både fastbuande, besøkjande og næringsdrivande. Svært mange kjøpmenn er engasjerte i  kundane sine behov ut over daglegvarehandel. Dei ser lokalsamfunnet sitt på nært hald, og bidreg til å gjera dei meir attraktive med tilleggsteneste som er relevante i sitt område. 

– I snitt tilbyr ein lokalbutikk 9,5 tenester utover sal av daglegvarer. Dette er tenester som til dømes bibliotek, samarbeid med heimehjelpa, hjartestartar, varelevering til institusjonar, kommunal informasjon, offentleg toalett, norsk tipping, kafé og pub, post i butikk, turistinformasjon og mykje meir. Tenester som sikrar butikken sin økonomi og har stor betyding for lokalsamfunnet, forklarar Steinar. 

Programmet arbeider for at nærbutikkane skal få tilleggstenester som aukar omsetninga, sikrar vidare drift og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. 

Meir kompetanse og auka økonomiske ressursar 

Merkur-programmet har fått auka løyvingar frå regjeringa og blir løfta fram som eit viktig verkemiddel for å møte kommunane sine utfordringar i tida som kjem.  

– Du vil jobbe saman med engasjerte, kunnskapsrike og endringsorienterte kollegaer, smiler Steinar. 

I Distrikssenteret er dei 27 tilsette fordelt på kontor i Sogndal, Steinkjer og Sandnessjøen, og dei har 10 Merkur-konsulentar lokalisert kringom i landet. Den ledige stillinga er lagt til kontoret i Sogndal.

– Det at Merkur-programmet har både kompetanse og økonomiske ressursar som verkemiddel gjev handlingsrom. I fjor sette programmet ny støtterekord.  54,7 millionar kroner vart gitt i støtte til 220 distriksbutikkar, skryter Steinar. 

Du kan påverka framtida

– Departementet går no gjennom Merkur-programmet for å vidareutvikla og fornya programmet slik at det er rigga for å møta framtidige utfordringar, spesielt med omsyn til innhaldet i programmet, i tillegg til å digitalisera og forenkla forvaltarrolla, fortel Steinar. 

– Det blir ei viktig og spennande oppgåve for den som blir tilsett å bidra til denne fornyinga, smiler Steinar. 

Besøk bygdeperler frå kontorstaden ved fjorden 

Du må lika å vera i kontakt med folk, og om du i tillegg er naturinteressert, kan stillinga vera ei ekstra gulrot for deg. 

–  Nærbutikkane ligg ofte i dei mest idylliske bygdesamfunna, og du får besøkja plassar du elles kanskje ikkje ville reist til, men som kjem til å overraska og begeistra deg, avsluttar Steinar. 

Søk på stillinga innan 1. mai. 

Blide distriktsutviklarar i Distriktssenteret. Foto: Distriktssenteret



Lisbeth Bringebøen