Bergen matfestival leverte sol, sognaprodusentane leverte varene

For ei helg på Bergen Matfestival saman med 15 dyktige mat- og drikkeprodusentar frå Sogn! Vi er imponerte, mette, nøgde og inspirerte. Og litt solbrende. Sola skein i regnbyen Bergen, frysarane jobba hardt for å halde isen i fast form før den fann vegen over disken til hundrevis av varme Bergenserar.

Sogn næring var med som koordinator, som ein del av mat og drikkeløftet i Sogn.

Tusen takk til mat- og drikkeprodusentane som leverte varer av høg kvalitet! Alm gard, Haugen gardsmat, Årethun foredling, Undredal stølsysteri, Elvebakken gardsysteri, Bøtun gard, Skjerdal stølsysteri, Vikja, Sognefjorden kaffibrenneri, Lomelde gard, Balhom/Ciderhuset, Ølmheim Siderhage, Vestavin, Odelsgut og Amble gård.

Alle foto: Bård Basberg/Sogn Næring

Her er nokre av våre høgdepunkt:

Å komme inn på Festplassen og møte ei lang rekke med lokalmatprodusentane frå Sogn! Her representert ved Skjerdal Stølsysteri, midt på Sognarekka.

Besøk av VG2-elevane ved restaurant- og matfag ved Sogndal vidaregåande skule, og høyre deira reaksjonar når dei smakte seg gjennom Sogna-gata

Samle dei nesten 40 hardtarbeidande sogningane til felles middag fredag kveld, og sjå nye kjennskap bli knytta

Sjå bergenserane sin entusiasme over Sider frå Sogn, som var sterkt representert på Norsk Siderfestival! Balhom/Ciderhuset, Ølmheim Siderhage, Vestavin, Odelsgut og Amble gård var med.

Landbruksminister Geir Pollestad kom innom for å gratulere bøndene i Undredal med kulturlandskapsprisen. Og sjølvsagt smake på ost! Anna Karine Marstein frå Undredal stølsysteri t.v.

Sigrid Skjerdal