Mat- og drikkeambassadøren på skuleturnè i Sogn

To dagar, åtte tiandeklassar, over 200 elevar. Tonje Torvanger og Steffen Hovland har trassa både tunnellstengingar og ugunstige vinterruter med ferjene for å fortelje dei gode historiene om eit liv som kokk.

Tonje Torvanger, mat- og drikkeambassadør for Sogn og Steffen Hovland, Faglærar ved restaurant og matfag ved Sogndal vidaregåande skule, gjennomfører besøka for andre året på rad.

Steffen gir elevane eint innblikk i korleis skulekvardagen kan sjå ut. – Det er utrulig mange ulike retningar du kan velja når du går restaurant og matfag. Det mange av elevane set pris på, er at det er så god kombinasjonav praksis og teori. Vi har tett samarbeid med næringslivet, og alle får prøva seg ute i bedrifter allereie frå første klasse, fortel Hovland.

Tonje Torvanger var aldri meint å bli kokk. Ein langtidsskade sette ein stoppar for planane om å velja idrettslinja på vidaregåande. Mor hennar tipsa om å gå restaurant og matfag. Rådgivarane ho hadde på skuleln meinte ho hadde for gode karakterar til å velje ein praktisk retning. Etter over ti år i yrket, ein karriere på kokkelandslaget og tittel Sous Chef på michelin-restauranten Statholdergaarden, er ho glad for at ho fulgte mor sitt tips.

– Det er så utrulig viktig at vi bryt ned fordommane mot yrket. Som kokk kan du konkurrere, du kan ha god lønn og arbeidsplassar der du kan vekse og utvikle deg. Det er utrulig mange valmoglegheiter, og dei fordommane om hardt arbeidsmiljø og kultur som kanskje gjaldt før i tida, stemmer ikkje lenger, fortel Tonje.

– Er det vanskelig å vera kvinne i kokkeyrket? Spør ein av elevane frå ein 10.klasse i Gaupne.

– Det er det ikkje. på min arbeidskplass er vi omtrent 50/50 kvinner og menn, så det er ein veldig fin balanse. Derer det også ei endring på gang frå tidligare, då det kanskje var meir mannsdominert. Eg har berre hatt gode opplevingar av å vere kvinne i dette yrket, kan Tonje fortelje.

Alle 10. klassingar som er interesserte i restaurant og matfag er inviterte til å delta på ein inspirasjonsdag på ViteMeir 27. januar. Det blir besøk på Lerum og kreative “plating hacks” frå Tonje Torvanger. Velkomne!

Sigrid Skjerdal