Slik kan du bidra til å sette Sogn på mat- og drikkekartet
Mat- og drikkeambassadør Tonje Torvanger skal inspirere, motivere og løfte Sogn som gastronomisk region. Er du med på laget?
Over tid har søkartalet til Restaurant- og matfag på Sogndal vidaregåande skule vore lågt. På same tid har næringslivet mangel på fagfolk, og rekrutteringa i reiselivet og næringsmiddelindustrien har nådd eit kritisk nivå.
Regionen Sogn har eit stort potensiale for å utvikle eit berekraftig næringsliv framover. Sentralt i dette står utvikling av arbeids- og buområdet, og ikkje minst som reiselivsdestinasjon.
Ei større satsing på mat- og drikkeregionen er med på å løfte omdømmet, rekrutteringa og kompetansen til næringa og næringslivet generelt. Det ligg mykje uløyst potensiale og nokre utfordringar i form av mangel på rett og nok kompetanse i heile verdikjeda – frå jord til bord. Ein viktig del av framtida for mat og drikke i Sogn er tilgangen på fagkompetanse.
Dei siste åra har det vore ein kamp for å oppretthalde studietilbodet restaurant- og matfag, som er med å sikre framtidas fagfolk. Næringa har skrive brev og mana til kamp og dugnad. For skuleåret 2021/2022 vart RM ikkje starta opp i Sogndal. Denne tilnærminga er ei reaktiv og lite strategisk arbeidsform, som fleire aktørar er samde om at må endrast. Ei gruppe sett saman av deltakarar frå privat næringsliv, vidaregåande skule og lokalt næringsapparat har difor jobba med ein meir strategisk og utviklande modell, som vil bidra til å løfte lokal mat- og drikkesatsing i Sogn.
Gruppa ser behovet for ein dedikert person, ein mat- og drikkeambassadør som jobbar for å løfte Sogn til ein internasjonal mat- og drikkeregion. Ei slik rolle er tenkt å jobbe i tett samarbeid med næringsapparata og vidaregåande skule i Sogn. Ambassadøren vert tilsett i Sogn Næring, som er det regionale utviklingsapparatet i Sogn. Stillinga skal arbeide for å utvikle følgjande tre innsatsområde:
Rekruttering og kompetanse
Omdømme og merkevarebygging
Logistikk og infrastruktur
Ambisjonen for prosjektet er at det skal verte ei fast stilling i Sogn Næring, for å sikre kontinuitet og langsiktigheit i arbeidet. For å komme i gang med satsinga vert det i første omgang starta eit 3-årig prosjekt.
Vi har lukkast med å finansiere Tonje Torvanger som vår mat og drikke ambassadør ut januar 2024. Målet er å finansiere satsinga med eit 3-årig prosjekt, gjennom eit spleiselag mellom Sogndal vidaregåande skule, Sparebankstiftinga, lokalt næringsapparat, kommunane i Sogn og lokalt næringliv.
Vi håpar difor du og di verksemd ynskjer å bidra i prosjektet for å bygge framtida til Sogn som mat- og drikkeregion!