Bli elektroingeniør – medan du bur og jobbar i Sogn!

Høgskulen på Vestlandet (HVL) tilbyr i samarbeid med næringslivet i regionen ei deltidsutdanning i elektroteknologi. Utdanninga er nett- og samlingsbasert over fire år, noko som gjer det mogleg å kombinere studiet med jobb!

Vil du utvikle teknologi som formar framtida? Som elektroingeniør kan du arbeide med alt frå store generatorar i kraftverk, robotar og kretskort til nettverksteknologiar i framtidas internett. No kan du ta ei framtidsretta ingeniørutdanning – utan å flytte frå Sogn.

Utdanninga gir deg ei brei teknisk kompetanse og ei fordjuping som er relevant for ei bransje i vekst. Etter første studieår vel du mellom:

Elkraftteknikk – der du lærer om elektriske anlegg, kraftsystem og energiforsyning

Automatisering med robotikk – med fokus på reguleringsteknikk, industriell IT og smarte system


Studer der du bur – med samlingar på Vestlandet

Studiet består av tre fysiske samlingar kvart semester, hovudsakleg i Førde. Resten av undervisninga skjer digitalt, slik at du kan tilpasse kvardagen din etter arbeid og anna ansvar. Samtidig får du alle fordelane ved å vere student i Sogndal.

Her blir det etablert ei eiga studiegruppe med fagleg og sosiale møteplassar. Dette gir eit læringsmiljø som støttar deg gjennom studiet – og ikkje minst: tilgang til eit nettverk av medstudentar, fagpersonar og næringsliv.

Velkommen til Campus Sogndal

Sogndal er eit kompakt og levande studentmiljø – eit “femminutts-samfunn” der du kan bu, jobbe, studere og oppleve Vestlandets villaste natur utan å ofre noko. Og kanskje viktigast: Det er kort veg mellom campus og fjellet, fjorden, klatreveggen eller ein kopp kaffi i sentrum.

På Campus får du:

• Moderne fasilitetar og tilgang til spesialrom

• Hospitering hjå lokale verksemder

• Oppgåveskriving knytt til aktuelle problemstillingar i regionen

• Sosiale og faglege møteplassar – blant anna via Sogn Næring

Undervisninga kombinerer teori med laboratoriearbeid og prosjekt, og gir deg eit godt grunnlag for ei karriere innan elektrifisering, automatisering og digitalisering.


Ein utdanning med moglegheiter – i og utanfor Sogn

Elektroingeniørar er etterspurde over heile landet. Berre i Sogn er det ein rekkje bedriftar som etterspør kompetansen som til dømes Sognekraft, Hydro, Hafslund, Statkraft, Luster Enegri, Caverion og mange fleire! Med ein bachelor i elektroteknologi frå HVL står du sterkt rusta for jobbar innan energisektoren, teknologibransjen, bygg og industri – både lokalt og nasjonalt.

Søk no og bli ein del av framtida – som elektroingeniør i Sogndal!

Les meir og søk her: hvl.no/elektroingenior-forde-deltid

Bård Basberg