Sygnir legg til rette for framtida
Tekst og foto: Sognekraft AS
Kai André Onstad er ein av fleire stolte og dyktige montørar frå Aurlandsbasen til Sygnir. Ved sidan av å drifta Noregs brattaste nett har Sygnir mykje arbeid med å klargjera nettet for ei framtid i det grøne skiftet. Foto: Sognekraft.
Kai André meiner lite kan måla seg med «kontordagar» ute på ein finvêrsdag: - Aller finast er det kanskje på hausten, seier han.
– Sygnir driftar det brattaste terrenget i heile Noreg. Og her i Aurland kommune er det aller brattast, seier Energimontør Kai André Ohnstad, medan fjella i Gudvangen skyt fram i bakgrunnen.
Kai André har med andre ord kanskje ein av dei tøffaste montørjobbane i landet, men for dei som likar å jobba ute i fantastisk natur – også ein av dei vakraste.
– Om ein ser på naturen som finst i Aurland så er det ikkje rart ein kjenner seg heldig i blant. Me har ein natur i verdsklasse, og eg får ha det som arbeidsplass.
Energimontøren er ikkje åleine i sine betraktningar om naturen i Aurland. For den unike kombinasjonen mellom bratte fjell og djupe fjordar er det som har gjort Aurland til eit populært og ynda reisemål for turistar frå heile verda, som kjem med bil, buss og ikkje minst cruise.
Masseturismen i Aurland, Flåm og Gudvangen er sjølve hovudpulsåra for næring og vekst i kommunen. Men med nye krav retta mot grøn turisme, mellom anna i form av landstraum for cruisetrafikk, fordrar industriens framtid at ein klarar å tilpassa seg ein ny kvardag i det grøne skiftet. Her spelar Sygnir ei avgjerande rolle.
– Me har mykje jobb no inn mot det grøne skiftet der me skal legga til rette for mellom anna ladestasjon til bilar, båtar og tung transport. Dette arbeidet er viktig for framtida i kommunen.
Ny infrastruktur og smarte løysingar
I Gudvangen er ladestasjonar for både bil og båt på plass, og fleire står på vent. I Gudvangen vert store mengder med elektrisitet allereie nytta til grøn transport, og ein lyt finna smarte logistikkmessige løysingar for å imøtekoma auka etterspørsel i framtida.
Baseleiar Hans Erik Vikøren står på ein ladestasjon, ein «powerdock» som er bygd til båtar som kjem inn for lading.
Lading av båtar og cruise vert ein viktig del av arbeidet med å rigga Aurland for ei framtid som baserer seg på grøn turisme. Det arbeidet er allereie i gang, mellom anna i Gudvangen. Foto: Sognekraft.
– Denne er lada opp på førehand. Det krev så enormt med straum når båtane kjem inn at det må til for å få lada opp kjapt nok, seier han.
Smarte løysingar som dette vert viktig ikkje minst når null-utsleppskravet for cruisetrafikk i verdsarvfjordane truleg trer i kraft i 2026.
Endringar i infrastruktur og mykje arbeid må til også i Flåm dei kommande åra – på vegen mot å bli eit nullutsleppssamfunn. Foto: Sognekraft.
– Me har så vidt sett starten på dette. Når all tungtrafikk skal over til eltransport så veit me ikkje heilt korleis dette vil utarta seg. Det einaste me veit er at turisme i hovudsak vil basera seg på grøn energi i framtida. Me vil bidra til å byggja infrastrukturen som kan imøtekoma framtidige krav, og det tykkjer eg både er spanande og givande.
Fleire ledige stillingar
Med alt som skal skje med tanke på drift, vedlikehald og tilrettelegging av straumnett i Aurland dei kommande åra er det naturlegvis behov for meir arbeidskraft. Difor har Sygnir lyst ut ledig stilling for energimontør i Aurland, og i tillegg er det utlyst stilling etter elektrikarar som kan tenkja seg å prøva ein tilrettelagt arbeidskvardag med opplæring som energimontør. Kai André er tydeleg i si anbefaling om å søkja jobb for Sygnir i Aurland.
– Me har eit godt arbeidsmiljø og samhald som gjer at eg stortrivst. Den som ønskjer å utgjera ein forskjell for framtidas Aurland, med positivt forteikn, er velkommen hjå oss, seier han.
Sommar, haust, vinter eller vår. Aurland er vakkert året rundt. Kanskje du har lyst til å bli kollega med Kai André og Sygnirgjengen på Aurlandsbasen? Foto: Sognekraft.
Det er ikkje berre i Aurland at viktig arbeid skjer med tanke på det grøne skiftet. Sygnir jobbar med drift og tilrettelegging for det grøne skiftet i alle driftskommunane: Aurland, Lærdal, Sogndal og Vik – og her er det no nyleg lyst ut fleire ledige stillingar.
Blant stillingane som no er til utlysing er Prosjektleiarstilling, Driftsingeniør og dessutan er det ledig stilling som energimontør i Lærdal og Sogndal også.
– Sygnir spelar ei avgjerande rolle i tilrettelegginga av det grøne skiftet i Sogn, og me har eit stort behov for kompetent arbeidskraft. Me håpar at aktuelle kandidatar ser sin moglegheit til å søkje jobb hjå oss, seier administrasjonssjef i Sygnir, Andrea Lomheim.
Som del av Sognekraft-konsernet er det naturleg å nemna at også Sognekraft si økonomiavdeling har ledig stilling ute, og søkjer Reknskaps- og økonomikonsulent: Nysgjerrig på bransjen som forvaltar fornybar energi og likar tal? Sjekk denne jobben! | Sognekraft (cvideo.no).