Sogneprodukt i ny form, og like relevante

Heile Sogneprodukt-laget på vårsamling hjå ViteMeir. Foto: Kleio AS.

– Me har ein utruleg meiningsfull jobb. Me gjer noko som er mykje meir enn kun for oss sjølve, noko som betyr mykje for nokon andre. Me lukkast, folk er nøgde med jobbtilboda me gjev og oppgåvene dei får prøva seg på. Ikkje minst får folk jobb. Det er ei god kjensle.  

Det seier Ragnhild Fjærestad. Ho leiar Sogneprodukt; arbeids-og inkluderingsverksemda for kommunane i mitre- og indre Sogn, og for fylkeskommunen.

Kanskje kjenner du til «jobbfrukt» som er korga med frukt, nøtter, knaske-gulerøter og andre godsaker som blir levert kvar veka til om lag 140 bedriftskundar i Sogn? Eller du har fått trekt om ein stol, ramma inn eit bilete, eller fyrer med tennbrikkettar frå Sogneprodukt?

Verksemda til Sogneprodukt er allsidig, og femner om alt frå produksjon frå filleryer produsert av gamle gardiner og sengetøy, restmateriale frå byggebransjen som blir til “Kubbegolv”, til sykkelreperasjonar, drift av vaskeri, til medieteknikk og salsfag.

– Sosial berekraft og miljøtankegang er den grøne tråden i alt arbeidet vårt, smiler Ragnhild.

Viktig samfunnsaktør som leverer godt

Sogneprodukt vart etablert 21. oktober 1976 for å gje sysselsetting til dei som ikkje var i stand til å konkurrere om arbeidsplassane i det ordinære arbeidslivet i Sogn. Det vart etablert slike verksemder kring heile landet for å ta vare på alle som fall utanfor og ikkje kom seg i arbeid.

Me spolar fram nesten 50 år, og aktiviteten I 2023 syner ei veldriven verksemd der folka får jobb.

Sogneprodukt og berekraftsmåla til FN. Foto: Kleio AS

Av 38 personar som har avslutta arbeidsførebuandetrening (AFT), har 19 gått over til jobb og ein til utdanning, noko som utgjer ein suksessrate på 53 %. Dette ligg over både landsgjennomsnittet på 46 % og NAV sitt krav på 50 %.

– Me lukkast fordi me har fokus på dei gode relasjonane. Me har same jobbkonsulenten heile vegen. Det at han eller ho kjenner deg, og har trua på at du kan koma i jobb gjev gode resultat. Noko som og er stadfesta av forsking, svarar Ragnhild.

Sogneprodukt har 35 plassar for varig tilrettelagt arbeid (VTA) gjennom arbeids- og velferdsforvaltninga NAV, med tilsette frå kommunane Vik, Sogndal og Høyanger. Fleire av dei VTA-tilsette har fått tilbod hjå eksterne arbeidsgjevarar og fire er jamvel i gong med å få seg delkompetanse i dei ulike faga vaskeri, industrisnekkarfaget, medieteknikkfaget og salsfaget. Vik, Sogndal og Luster kjøper også ekstra plassar.

– Individuelt og spesialtilpassa behov for dei aller svakaste arbeidstakarane skal me vera ekstra gode på, sjølv om det ikkje berre er lett å balansera arbeid med tenestene til personar på tiltak samstundes som me produserer og leverer kvalitetsvarer og tenester til alle kundane.

Dei som kjem inn på tiltak har samansette utfordringar og behov, dei må få hjelp til å styrka dei ressursane dei har, og finna dei tilpassingane som trengst for å kunna meistra arbeidslivet.

– Me har fleire arbeidsmetodar og verktøy, men det handlar om å finna ut kva ressursar vedkomande har, yrkesmål, interesser, helse, basiskunnskapar og mykje meir.

Og så treng dei eit næringsliv som tek samfunnsansvar og ser at dette er ein god måte å rekruttera på.

– Sogneprodukt er avhengig av velvilje og eit ynskje i verksemdene kring oss om å gjera ein skilnad for folk for at me skal lukkast. I Sogn er heldigvis lista lang med postive samfunnsaktørar. Me kan nemna nokre eksempel: Simas, ulike butikkar, kommunane, Sygnir, Høgskulen på Vestlandet, Nortura, Sirkla, Fylkesarkivet, Lerum og fleire mindre verksemder, fortel Ragnhild.

Viktig å ta vare på alle tilsette

Dei tilsette samlast med jamne mellomrom, me møter dei på ViteMeir på Vårsamlinga.

– I dag er heile «Sogneproduktlaget» samla att og no er me rundt 30 tilsette. Dette er jobbkonsulentar, rettleiarar, administrasjon og ein avdelingsleiar i Vik, ein i Balestrand og to på Kaupanger.  

Jobbkonsulentane har varierte bakgrunnar, og dei kan vera alt frå pedagogar, fysioterapeutar, sjukepleiarar, sosionomar til vernepleirar, felles for dei er kravet til høgskuleutdanning innan helseområdet.

Stillinga som rettleiar er ofte ei kombinasjonsstilling, og i tillegg til å vera flink med folk må du ha ei fagutdanning som eksempelvis møbeltapetiserar, snikkar eller anna fag.

– Tema for Vårsamlinga er eit foredrag om belastingspsykologi, for det å jobba med menneske med ulike lidingar er ein risiko for vår eiga psykiske helse. Me må rusta oss best mogeleg for dei  belastningsreaksjonane me kan få både som konsulent, og som kollega og medmenneske. Desse må me greia å handtera slik at me har ein balanse i livet, at me klarar å leggja det att på jobben.

Etterpå ventar eit motivasjonsforedrag.

– Me er kanskje litt tunge etter økta med psykisk helse med fokus på det vanskelege me kan møta, då er det viktig å løfta oss litt opp att, og le litt i lag.

Å byggja samhald er alltid viktig, og kanskje spesielt no etter ei utfordrande tid.

Omstilling til konsern kan gje nye forretningsområde

Etter nokre krevjande år med galopperande straumprisar, reduksjon på 10 plassar innan arbeidsførebuande trening (AFT) frå Nav og ei drift med negativt økonomisk resultat måtte dei ta grep for å ned kostnadane.

– Det er tungt og trasig at me måtte leggja ned mekanisk avdeling på Kaupanger og i Vik. Mekanisk avdeling var sjøve starten på Sogneprodukt, difor var dette grepet ekstra seigt.

Dei tøffe grepa har gitt resultat, og i 2023 vart det eit lite overskot. No er dei rigga for år med sunn økonomi.

– Frå august har me fått 15-20 plassar i Oppfølgingstiltaket som underleverdør til arbeid- og inkluderingsbedrifta A2G som vann anbodet frå NAV. Oppfølgingstiltak er for dei som treng støtte eller rettleiing til å finna eller halda på ein jobb, og tiltaka inneheld mellom anna rettleiing når du søkjer jobbar og ekstra støtte i starten av ein ny jobb.

Regelverket knytt til førehandsgodkjenning etter tiltaksforskrifta gjer no at Sogneprodukt må endra selskapsstrukturen og bli konsern. Det kan og opna for at dei kan ta ein større posisjon som arbeidsformidlar.

– Kanskje me kan ta ei rolle med å hjelpa flyktningar til å koma seg i arbeid. For nokre år sian hadde me kurs nettopp for denne gruppa som gave gode resultat. Me er i gong med å avklara behova til kommunane, og kikka på kva me eventuelt kan hjelpa til med no.

Vidareutvikla gode samarbeid med viktige aktørar

– Sogn har utruleg mange spennande arbeidsplassar. For å halda på folka og rekruttera er det viktig med god infrastruktur og møteplassar. Infrastrukturen må sikra at ein kjem seg på jobb på ein trygg veg, og gjera det mogeleg å skifta arbeidsplass utan måtte flytta. Å sikra ein stor arbeidsmarknad i Sogn er avgjerande, og det gjer me med gode vegar, bussar og ferjer som er tilpassa behova. Høva til å arbeida på nett gjer det også lettare å vera ein felles arbeidsmarknad.

Sosiale og faglege møteplassar er viktige for trivsel og utvikling.

– For nokre veker sidan var leiargruppa på fagseminar i Vik med tema «tohendigheit», med innleiarar frå Noregs Handelshøgskule, Sognekraft og High Soft. Seminaret var ope for alle, og handla om at me i tillegg til drifta må leggja til rette for innovasjon og utvikling.

– Me er ulike: Alle må finna sitt miljø og sin møteplass der ein trivst og utviklar seg. Har ikkje akkurat bygda du bur i tilbodet du ynskjer deg? Skap det sjølv, i Sogn er det heldigvis lett å få med seg folk, både i jobbsamanheng og sosialt, kall det gjerne «smådriftsfordeler». Sogn Næring har vore ein god støttespelar og nettverksbyggar for Sogneprodukt, og dei kjem til å vere ein viktig aktør i Sogn framover.

Leiargruppa i Sogneprodukt: Nils Magnar Feten (Vik), Eirik Thue (Balestrand), Ragnhild Fjærestad (dagleg leiar) og Kristine L. Feigum (Kaupanger). Morten Røyrvik (Kaupanger) var ikkje tilstades. Foto: Kleio AS.