Julestemning, mingling og litt julemagi på Campus Sogndal
To dagar før julafta inviterte Digdir, HVL, Vestlandsforsking, fylkeskommunen, Sognenett, Deloitte og Nav til førjulstreff for potensielle heim- og tilflyttarar. Det resulterte i fleire gode møte og avtalar om å halda kontakten framover.
– Alle verksemdene som er her i kveld har ledige stillingar ute. Bruk kvelden godt til å bli betre kjend med desse flotte arbeidsgjevarane, dei ulike stillingane og arbeidsmiljøa desse spennande bedriftene byr på, oppmoda Stian Hofslundsengen i Sogn Næring. Han yngste alle dei 50-60 frammøtte velkomne til ein triveleg kveld, og baud i tillegg til den gode samtalen på både julebrus, kaffi og servering frå Ellevilt.
Kanskje vart det litt ekstra god julestemning og tent eit julehåp kringom i dei mange sogneheimar når dei besøkjande i familien starta juleferien med å møta lokalt næringsliv.
Svigerforeldre på jobb for næringslivet i jula
– Foreldre, svigerforeldre og besteforeldre er garantert på jobb for næringslivet og dei offentlege verksemdene i jula, det er dei som følger med på ledige stillingar som kan passa for born og svigerborn, det er dei som verkeleg er dei gode rekrutterarane, ler Jon Håkon Odd.
Seksjonssjefen for strategi og forretningsutvikling er ein av fleire frå Digdir som møter potensielle heim-og tilflyttarar til mingling denne kvelden.
– Eg er oppteken av å lytta til dei som er her i kveld. Kva ynskjer dei at me kan gjera for å syna oss fram – vil dei på besøk til oss, vil dei vita meir om dei ulike arbeidsoppgåvene, eller er det andre ting dei kan tenkja seg? Kanskje er det denne type samlingar me lyt ha fleire av. Det er svaret på kva eg ynskjer å få ut av kvelden i kveld.
Dei med utdanning og erfaring innan fagområdet IT var særskilt velkomne til samlinga, stod det i invitasjonen.
– Samstundes er dei ofte to som skal ha jobb når dei flytter til Sogn. Difor er det viktig at me ikkje snevrar inn denne type samlingar til kun å gjelda IT-folk, men også klarar å syna fram mangfaldet og spekteret av arbeidsplassar. Begge to kan få gode og spennande arbeidoppgåver hjå dei mange gode arbeidsplassane i Sogn, fortel Aud Inger Sviggum, seniorrådgjevaren hjå Digdir som har lang erfaring med rekrutteringsarbeid i regionen.
Skarp konkurranse om dei beste hovuda innan IKT
– IT-kompetanse er svært ettertrakta, og no er det hard konkurranse om dei beste folka. Både hjå oss, dei andre bedriftene som er her i kveld og i heile landet, fortel Sondre Lekve Bjelle. Han jobbar som seniorrådgjevar i seksjon for sikkerheit og støttetenester i avdeling for IKT og digitalisering hjå Vestland fylkeskommune.
Dei offentlege verksemdene i regionen er kjende for å rekruttera godt, men no er det utfordringar i heile bransjen. Nær halvparten av alle bedrifter har eit udekka behov for IKT-kompetanse, kom det fram i NHO sitt kompetansebarometer som årleg kartlegg kompetansebehova i landet.
Ein annan arbeidsgjevar på plass i kveld er HVL.
– HVL er ein inkluderande arbeidsplass med kjekke kollegaer i eit utviklande miljø der du får vera med å bidra. Med 350 tilsette berre på Campus Sogndal har me eit mangfald av stillingar og arbeidsoppgåver, og stadig spennande stillingar ute, fortel Iris Wehn, rådgjevar ved HVL innan rekruttering og løn.
Hjå både HVL, fylkeskommunen og Digdir er stillingar ofte utlyste med valfri arbeidsstad. Då er det eit føremon å kunna saman syna fram at Sogn er det beste valet.
...Og kva seier dei besøkjande om kvelden?
– Me har eit skikkeleg familietreff her i kveld, smiler Leni.
Søskenflokken Leni, Julian og Tale Kjøstvedt er innom innovasjonsbygget denne kvelden.
– Eg er snart ferdig med ei bachelorgrad innan HR, ledelse og organisasjonspsykologi. Bror min Julian studerer IT drift og sikkerheit, og har fått snakka med Digdir om kva kompetanse dei ser etter dei neste åra. Me tykkjer begge det er veldig kjekt å sjå kva som finst av mogelegheiter i Sogn.
Vetlesøstera Tale går framleis på ungdomsskulen, og har fleire år på å bestemma seg kva retning studiane skal gå.
– Eg og Julian som har flytta her frå vil gjerne heim, medan Tale kan ikkje venta med å flytta ut, ler søskenflokken.
Ein syklus mange kan kjenna seg att i.
Fekk du ikkje med deg førjulstreffet?
– Me jobbar allereie med eit tilsvarande arrangement under Fjellsportfestivalen i februar, og me er gjerne med på å arrangera andre møtepunkt og. Det er opp til bedriftene kva dei ynskjer seg, me stiller gjerne opp for å fasilitera, seier Line Bjelde, dagleg leiar i Sogn Næring.
– Det er kjekt å vera med å arrangera slike vellukka arrangement, spesielt når så mange dukkar opp, då ser me at det er behov for å treffast.
I løpet av kvelden har fleire etablert kontakt, og fleire fortel om ei aukande interesse om å flytta til Sogn.
– Me er på jobb i romjula. Kom gjerne innom oss i Innovasjonsbygget om du vil høyra litt om kva arbeidsplassar som finst i Sogn, eller kva og korleis me kan hjelpa til om du vil starta eiga bedrift, eller om det er anna me kan hjelpa til med.