Ledig stilling i eit sterkt og innovativt fagmiljø
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig fagstilling innan rekneskap og skatt ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Søknadsfristen er 5. mars.
– Som faglærar underviser du større studentkull i nokre fag, men og mindre kull i fordjupingsemna som rekneskap og skatt. Du får ta del i forskings-og utviklingsarbeid med relevans for stillinga sitt fagområde, samt samarbeida om utdanning og forsking internt i FØS og i HVL, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.
Det seier Mona Kristin Nytun, prodekan for utdanning ved fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) ved Høgskulen på Vestlandet.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane
– Me har etablert eit godt samarbeid med rekneskapsførarane i regionen. Studentane kan velja eit eige praksiskurs der dei er i praksis hjå eit rekneskapskontor, og kan søkja autorisasjon som rekneskapsførar etterpå, seier Nytun.
Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL har eit stort fagmiljø og eit breitt studietilbod innanfor dei økonomisk administrative faga. Ved campus Sogndal byr dei på års- og bachelorstudium innan økonomi og administrasjon, økonomi og jus, eigedomsmekling og reiselivsleiing samt natur- og opplevingsbasert reiseliv. Masterutdanninga M.Sc./siviløkonom si spesialisering i marknadsføring og innovasjon er og lagt til Campus Sogndal.
Du får altså både undervisa, samarbeida med næringslivet og ta del i forskingsprosjekt. Dette er attraktive arbeidsoppgåver for faginteresserte.
Godt arbeidsmiljø
– Institutt for økonomi og administrasjon byr på kjønnsbalanse, aldersspreiing og eit generelt godt arbeidsmiljø, fortel assisterande instituttleiar for økonomi og administrasjon, Ingunn Skjelbreidalen.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
På veg mot Universitetsstatus
HVL har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har som mål å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studiar og Institutt for samfunnsvitskap. Fakultetet har om lag 2700 studentar og 140 tilsette.
Interessert men usikker på om du har dei rette kvalifikasjonane?
– Søkjarar til faste stillingar som ikkje fyller krava til pedagogisk kompetanse, får dette kurset hjå oss, seier Nytun. Ho fortel og at det er aktuelt å tilsetja i mellombels stilling på andre vilkår om dei ikkje får kvalifiserte søkjarar.
For søkjarar som ikkje fullt ut fyller dei formelle kvalifikasjonskrava for stillinga kan det vera aktuelt å tilsetja i mellombels stilling som førsteamanuensis eller førstelektor for inntil tre år med vilkår om fast tilsetjing ved kvalifisering - slik tilsetjing føreset at søkjar kan kvalifisera seg for stillinga i løpet av denne perioden. Dersom det ikkje melder seg søkjarar som er aktuelle for kvalifiseringsstilling, kan det blir aktuelt å tilsetja i mellombels stilling som høgskulelektor.
– Her er det berre å søkja. Me skal ta godt i mot deg, lovar Mona med eit smil.
Kontaktinformasjon ved HVL
Ingunn Skjelbreidalen
Assisterande instituttleiar
Tlf: 57 67 63 42