Jurist og vil jobba i Sogn sitt største advokatselskap?
– Me er eit advokatfirma i sterk vekst, og målet vårt er å vera eit konkurransedyktig, lokalt alternativ til nasjonale advokatfirma, seier Jorunn Skrede Klakegg, dagleg leiar i Advokatfirmaet Tollefsen.
No treng dei fleire folk, og har lyst ut stilling til ein fagleg dyktig og engasjert advokat eller jurist med stor arbeidskapasitet og innsatsvilje.
– Me stiller med interessante arbeidsoppgåver, gode vilkår og tillit. Det er nøkkelen for å rekruttera dei beste hovuda og å få dei til å bli verande hjå oss, smiler Klakegg.
Sterke fagmiljø innan breie saksfelt
Advokatfirmaet Tollefsen tek på seg oppdrag innan dei fleste rettsområde, både for næringsdrivande, offentlege organ og privatpersonar.
– Sjølv om me samla dekker eit breidt saksfelt, har me fokus på å skapa sterke fagmiljø ved at den einskilde advokat skal kunna spesialisere seg i sine fagområde. Me har mellom anna medarbeidarar som er fast forsvarar, bistandsadvokat og bustyrarar for Sogn og Fjordane tingrett, samt advokat med møterett for Høgsterett, fortel Klakegg.
I Sogn og Fjordane er Tollefsen advokatfirma det største med sine ti tilsette juristar og advokatar i tillegg til administrativt personell.
Tollefsen er medlem av Eurojuris Norge, eit nettverk som består av 17 frittståande advokatfirma og famnar om meir enn 200 advokatar i Noreg og over 6000 advokatar i Europa og resten av verda. Nettverket har to årlege konferansar, og byr på eit godt kontaktnett i Europa og verdifull fagleg oppdatering på rettstilstanden utanfor landegrensa. Medlemmane får og tilbod om ei rekkje arrangement og samlingar med fokus på sosialt- og fagleg fellesskap med høve for vidareutdanning og -utvikling innan ulike juridiske emne.
Frå København til Storen
– I fjor var me heile hurven på julegraut til Anny, skryter Jorunn av kollegaen. Ho hadde dekka opp til alle tilsette med familiar, eg trur me var om lag 40 stk, smiler dei.
London, Amsterdam og København. Turar i skog og mark. Hygge heima hjå kvarandre.
I biletboka «Tollefsen på tur» syner Jorunn og Anny fram mange og minnerike turar dei har vore på siste åra, som famnar om turar til dei flottaste vestlandsperlene som Store Skagastølstind, Jostedalsbreen og turar til kysten, i tillegg til fleire Europeiske storybyar.
Ungt arbeidsmiljø med sterk tillit
– Dei fleste hjå oss er fødde på 80-talet, og er difor i 30-åra. Dei er tiltrekte av livsstilen mellom fjord, fjell og bre som byr på gode skiforhold og eit rikt friluftsliv.
– Då må dei og få tilliten til å leva livsstilen og bruka naturen dei er komne for eller er vortne verande for. Hjå oss får dei tilliten til å organisera kvardagen sin slik det høver dei best, smiler Jorunn.
Med høve til å spesialisera seg samstundes som ein er del av eit rikt fagleg miljø, gjer at ein ikkje må velja vekk karriere til fordel for livsstil i Sogn. Hjå Tollefsen får du begge deler.
Søknadsfristen er 20. november.