Jobb med reiseliv mellom fjell, fjord og bre
Vil du jobba tett på studentar og næringsliv, med undervisning, rettleiing og forsking innan reiseliv? Den sjansen får du kun i Sogndal.
Campus Sogndal er den einaste av HVL sine studiestader med eigne studieprogram i reiseliv, og byr på studieprogramma bachelor i reiselivsleiing, bachelor i natur- og opplevingsbasert reiseliv i tillegg til årsstudiet i reiseliv.
– Sogndal er midt i smørauga av mektige naturopplevingar, tradisjonsrike reiselivsbedrifter og innovativ naturbasert forsking, difor er det naturleg at reiselivssatsinga blir spissa på campus Sogndal, fortel Ingunn Skjelbreidalen, assisterande instituttleiar for økonomi og administrasjon.
Eksternfinansierte prosjekt, internasjonalisering og studie- og tilsettutveksling
– Me har fleire eksternfinansierte prosjekt innan reiseliv, reiseliv er truleg det fagområde i instituttet me forskar mest på, fortel Skjelbreidalen.
– Eit eksempel er frå sist veke når Ovidius University of Constanta i Romania kom på besøk til oss som del av mobilitetsprosjekt om berekraftig entreprenørskap finansiert av EØS- midlane, etter at tilsette og studentar frå oss var hjå dei i september.
Med om lag 25 fagpersonar knytt til reiseliv og dei generelle faga innan økonomi og administrasjon, er fagmiljøet relativt stort på Campus Sogndal.
No ynskjer dei seg meir spesialkompetanse som skal bidra i reiselivsarbeidet.
Stillinga er open for både nyutdanna og erfarne forskarar. Kvalifikasjonane avgjer om personen blir tilsett som høgskulelektor, førstelektor eller førsteamanuensis.
– Personen som blir tilsett får bidra i det regionale utviklingsarbeidet på vestlandet og delta aktivt i arbeidet med å skapa nettverk innanfor norsk reiseliv med mål om å vidareutvikla utdanningane våre for framtida. Me vil sjå an søkjarane, og så skal me gjera alt me kan for at den rette personen skal få utvikla og spissa seg på sine område, fortel Skjelbreidalen.
Relevante tema til undervisning og forsking knytt til stillinga vil vera opplevingar, arrangement, historieforteljing, temabasert reiseliv som mat og drikke og destinasjonsutvikling.
Ansvar og tillit i eit godt arbeidsmiljø
– Hjå HVL får du raskt tillit og ansvar, skryter Eli Kristin Nytun Leirdal. 28-åringen har vore tilsett ved HVL i om lag to år, og skal ved nyåret gå inn i ei stipendiatstilling ved instituttet.
– Eg trur ikkje eg ville fått ein like god velkomst som nyutdanna ein annan stad. Spesielt det at me som er unge og nye i akademia får lov til å vera med på forskingsprosjekt, det at me blir involverte og ønskte så hjarteleg velkomne inn, det trur eg er heilt unikt her hjå HVL, smiler Eli Kristin.
Institutt for økonomi og administrasjon byr på kjønnsbalanse, aldersspreiing og eit generelt godt arbeidsmiljø.
Øyvind Eliassen er samd. Han leverte masteroppgåva si i økonomi og administrasjon ved campus Sogndal i vår, og starta i ei vikariatstilling ved fakultetet i august.
– Eg har same erfaring som Eli Kristin, og sjølv om eg kun har ei vikariatstilling ved HVL og ikkje har eit så stort nettverk i sektoren enno, så blir eg teken med inn i forskingsprosjekta og satsa på, smiler Øyvind.
– Ver ikkje redd for søkja sjølv om du ikkje har så mange år med erfaring, du blir teken godt i mot, slår Leirdal og Eliassen fast.
På veg mot Universitetsstatus
HVL har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studiar, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har som mål å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Søknadsfristen er 16. november.
Kontaktinformasjon ved HVL
Ingunn Skjelbreidalen
Assisterande instituttleiar
Tlf: 57 67 63 42