No kan du få jobb på Sogndalskontoret til PwC - og eit festivalpass til Fjellsportfestivalen

Du kan få same jobben i Oslo eller på ein av dei andre 26 avdelingane til PwC. Men kvifor jobba i byen når Sogndal gjev karrieremoglegheiter og eit liv tett på naturen? I Sogn får du begge deler.

Hjå PwC i Sogndal møter du eit stort og leiande kompetansemiljø innan revisjon, rådgjeving, rekneskap og juridiske tenester. 

– PwC byr på eit breitt kompetansemiljø med menneskje som tenkjer både med hovudet og hjartet, som har stor lidenskap for faget sitt og som blir trigga av å jobba saman og å utvikla seg vidare, seier direktør for revisjon og kontorleiar i Sogndal, Harald Mo.  

Spreke tilsette i PwC Sogndal på Molden Opp. Foto: PwC

No er det to ledige stillingar hjå PwC med valfri plassering på nordvestlandet, og han vil gjerne ha dei til sitt kontor.  

Vinn festivalpass til Fjellsportfestivalen

– Søkjer du jobben med kontorplass i Sogndal blir du med i trekninga av eit festivalpass til Fjellsportfestivalen 23.-27. Februar 2022, smiler Harald. Han veit kva som trekkjer folk til Sogndal, og tykkjer det er fint å kunna lokka med litt ekstra for å få gode kandidatar til stillingane.

– På Sogndalskontoret er me fem tilsette som arbeider tett saman med 35 medarbeidarar i Sogn og Fjordane og 40 i Møre og Romsdal. Ofte arbeider vi saman med folk frå heile landet.

– Sogndal er den perfekte plassen å bu og arbeida, kort veg til fjell og fjord, det meste innan ei rekkevidde på 5 minuttar og har det beste klimaet i landet. Og kollegaer som gjerne tek deg med på ein fjelltur, smiler Mo.

– Hjå oss vil du raskt bidra i eit variert spekter av oppdrag, jobba saman med ekspertar frå ulike bransjar frå heile landet for å løysa framtida sine utfordringar, avsluttar Mo.  

Søk innan 5. januar  

Kontaktinformasjon

Harald Mo
PwC | Statsautorisert revisor | Direktør
Mobile: +47 95 26 13 40
Email: harald.mo@pwc.com



Lisbeth Bringebøen