Ta doktorgrad i Sogndal

– Det er førebels få personar med doktorgrad i rekneskap og skatt. Stipendiatstillinga vil gje deg unik kompetanse og gjera deg attraktiv på arbeidsmarknaden, skryter Mona Kristin Nytun, prodekan for utdanning ved fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).   

 To stillingar – søknadsfrist 9. mars  

Ho lokkar ikkje berre med ei stilling, men har to spennande stillingar innan regneskap og skatt ledig. Den eine er ei stipendiatstilling og den andre ei fagstilling.  

– Stillingane er for deg som vil fordjupa deg fagleg i eit fleksibelt og godt arbeidsmiljø, seier Nytun.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil 

– Me har etablert eit godt samarbeid med rekneskapsførarane i regionen. Studentane kan velja eit eige praksiskurs der dei er i praksis hjå eit rekneskapskontor, og kan søkja autorisasjon som rekneskapsførar etterpå, seier Nytun.  

– Som faglærar underviser du større studentkull i nokre fag, men og mindre kull i fordjupingsemna som rekneskap og skatt. I stipendiatstillinga får du forska og fordjupa deg i eit tema som du er interessert i, men også fagstillingane er involverte i forskingsarbeid, forklarar Nytun.   

Du får altså både forska, undervisa og samarbeida med næringslivet. Eit skikkeleg kinderegg der altså.  

Interessert men usikker på om du har dei rette kvalifikasjonane?

– Søkjarar til faste stillingar som ikkje fyller krava til pedagogisk kompetanse, får dette kurset hjå oss, seier Nytun. Ho fortel og at det er aktuelt å tilsetja i mellombels stilling på andre vilkår om dei ikkje får kvalifiserte søkjarar.  

– Her er det berre å søkja. Me skal ta godt i mot deg, lovar Mona med eit smil. 

Les meir om stillingane

Foto: Tore F. Lie

Foto: Tore F. Lie

Foto: Tore F. Lie

Lisbeth Bringebøen