Mat- og drikkeambassadøren bad rådgjevarane om hjelp til å knuse myter

Rådgjevarane på ungdomsskulane i Sogn fekk smake, sjå og høyre om kva ei utdanning på restaurant- og matfag inneber.

– Hjelp meg å spre ordet om korleis kokkeyrket faktisk er i dag, bad mat- og drikkeambassadør Tonje Torvanger rådgjevarane. På video fortalde ho si historie om når ho skulle velje linje på vidaregåande.

– Eg hadde gode resultat på skulen, og kunne velje kva eg ville. Heldigvis såg mor mi kva behov eg hadde, og foreslo at eg skulle gå restaurant og matfag. For meg var det heilt rett. Skulen gav meg alt eg trengte, med praktisk arbeid og kreativ utfoldelse. Det opna seg ei ny verd for meg når eg kom ut i arbeidslivet, og eg har ikkje sett meg tilbake, fortel Torvanger.

I desse dagar kjem søkartala til vidaregåande ut. Hundrevis av spente 10. klassingar har tatt valet som tek dei første steg i retning framtidig arbeidsliv, slik Tonje gjorde for over 10 år sidan. Gjennom ungdomsskulen har rådgjevarane gjort det dei kan for å syne ungdommane kva moglegheiter som finst. Men valet må til sjuande og sist ungdommane ta sjølv.

– Det som er viktig for oss at rådgjevarane får fram, det er alle moglegheitene som finst når du har restaurant- og matfag i botn. Her kan ein gå vidare i mange ulike retningar, fortel Steffen Furehaug Hovland som er lærar ved Sogndal vidaregåande skule.

Med oss frå næringslivet var både Nils Asbjørn Lie frå Norways Best og Bård Huseby ved Fjærland fjordstove hotell. Behovet for arbeidskraft i næringa er stort, og mykje har skjedd dei siste ti åra for å lage gode vilkår både for elevar i arbeidspraksis, lærlingar og folk i arbeidslivet.

– Reiselivet er i stor vekst i Vestland. Norways best har omalg 500 folk i arbeid i høgsesongen, og 200 gjennom året. Omtrent halvparten av desse jobbar med mat- og drikke. Vi sel opplevingar. I sentrum for opplevingar står mat og drikke. Skal vi levere det produktet vi ønskjer i framtida, så treng vi dei flinke folka. Det er mange moglegheiter for å utvikle seg, få ekstra ansvar og velje kva retning ein ønskjer. Som eit eksempel har også hotellsjefen på Fretheim hotell har bakgrunn som kokk. Det er kunnskap du kan bruke i mange ulike rollar, fortel Nils Asbjørn Lie.

Vi fekk diskutert mange konkrete aktivitetar for å syne fram yrkene innan mat og drikke til ungdommane. Moglegheiter for å letgge til rette for arbeidsveke i bransjen, for kokkekamp og vidare arbeid med mat- og drikkeambassadøren er nokre av tankane vi fekk diskutert. Takk for ei god samling til rådgjevarar, næringsliv og sogndal vidaregåande skule! Og takk til vaksenklassen for nydeleg vertskap og oppdekking. Vi gler oss til vidare samarbeid!