Ungdommar trylla fram gourmet-mat på SmakeMeir
I smakslabben på ViteMeir på Kaupanger gjekk temperaturen høgt og og låg på inspirasjonsdag for 10. klassingar frå Sogn. Saman med mat og drikke-ambassadør Tonje Torvanger trylla elevane fram delikate fiskerettar og søte dessertar, mellom anna is laga ved hjelp av flytande nitrogen ved hjelp av vertane på ViteMeir.
– Dei får kjenne på følelsen av å vera på eit restaurantkjøken. Det er mange ting som skjer på ein gong, mange oppgåver som skal delast ut og høgt tempo, smiler Torvanger.
Dessert-stasjonen var den mest attraktive arbeidsstasjonen, fortel ho. I samarbeid fekk dei tolv ungdommane lage tre rettar, med ein delikat dessert og to rettar fisk. Før kjøkenøkta fekk dei besøke Lerum-fabrikken, der dei fekk innblikk i produksjonen. Dei møtte folka som jobbar der, og fekk høyre om dei ulike vegane dei har tatt for å komme inn i matfaglege yrke.
– Det er så mange vegar inn i dette yrket, og mange moglegheiter når du tek restaurant- og matfag på vidaregåande. Ikkje minst har du ein kreativ og praktisk skulekvardag, som eg trur eg viktig for mange ungdommar skal finne motivasjon og engasjement for å fullføra vidaregåande opplæring, seier for vidaregåande, seier Steffen Hovland som er faglærar og ved restuarant og matfag på sogndal vidaregåande skule.
I bakgrunnen gjekk verdas største kokkekonkurranse på storskjerm, bocouse d’or.
SmakeMeir var vertskapet for seansen, som vart runda av med med måltid i fellesskap i kafèen. Då fekk elevane og dei vaksne nyte røykt aure, torsk som smelta på tunga og ein sjokoladefondant pynta med solbærpurè, bær og løvtynne kjeks i blad-form, alt laga av dei sjølve.
– Vi håpar å gi elevane eit innblikk i kva ein kan få til som kokk. At dei kan vere kreative og kjenne på følelsen av å lage noko saman som eit lag. Så blir det spennande å sjå kven som vel restaurant og matfag som retning når dei skal bestemme seg til slutt, seier Steffen Hovland.