Sparebankstiftinga støttar mat- og drikkeopplevingar i Sogn!

Dei neste tre åra bidreg Sparebankstiftinga med midlar for å løfte Sogn som mat- og drikkeregion.

– Dette er utruleg vitkgi for at vi kan halde trykket oppe i arbeidet med mat og drikke i Sogn, seier dagleg leiar i Sogn Næring, Line Bjelde.

Sidan hausten 2023 har Sogndal vidaregåande skule, Sogn Næring og viktige samarbeidspartar i næringslivet jobba saman med kokk og mat- og drikkeambassadør Tonje Tovanger for å skape entusiasme kring kokkefaget blant skuleelevar.

No går søkartala på restuarant- og matfaglinja  rett veg. Med 12 av 15 plassar fylt opp til hausten, er linja sikra vidare drift. Det er viktig for å sikre rekruttering inn i restaurant- og hotellbransjen i regionen. 

– Det er gledeleg å sjå at søkartala går rett veg, men det beytr ikkje at vi kan kvile. Dette er eit langsiktig arbeid, og det er utrulig kjekt og viktig at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane vel å støtte satsinga på mat- og drikkeopplevingar i Sogn dei neste tre åra. Det betyr at vi kan halde fram å jobbe saman med Tonje Tovanger for inspirere fleire til å velje yrker innan mat- og drikke, og vi kan styrke arbeidet med næringa for å utvikle mat og drikkeopplevingar i Sogn, seier Line Bjelde i Sogn Næring. 

Sparebankstiftinga støttar arbeidet med mat og drikke i Sogn med 900 000 fordelt på 3 år. I tillegg har prosjektet fått 40 000 frå Asko, stiftinga for rekruttering til restaurant og matfag. Det er utrulig viktig for å halde fram arbeidet med å løfte det gode som skjer på mat- og drikkefronten i Sogn!

Samarbeid mellom privat næringsliv og det offentlege er sentralt for å løfte regionen som heilskap. Vil di bedrift bidra? Her ser du kva du kan bidra med!