Kviknes hotel i Balestrand

Balestrand

Når folk starta å reisa, var det til Balestrand dei for for å samla inspirasjon og leva det gode liv.

 

Fjordperla med det spektakulære lyset,

sentralt plassert midt i Sognefjorden ved sida av tre fjordarmar, verdskjend blant nasjonale- og internasjonale kunstnarar, fjellklatrarar og laksefiskarar. Balestrendingane har ynskt eventyrarar hjarteleg velkomne i generasjonar. No er det din tur.

Kajakkpadlere på fjorden

Natur og friluftsliv

Fjell, fjord, frukthagar og eit heilt spesielt lys, På Sognefjorden kan du ta ein tur langs Esefjorden i kajakk, eller fiska litt. Fjelltoppane kan du gå både sommar og vinter - dei gjev eit spektakulært utsyn over bygdi med dei tre fjordarmane.

Fisker med flyndre i hånden

Reiseliv

Få andre stader i Noreg har hatt reiseliv som hovudnæring i over 100 år. Utan industrialisering, brann eller bombing under andre verdskrig er alt frå dragestilarkitektur, natur, historiske hotell og minne frå kunstnarkoloniane teke godt vare på.

Mest kjent er Kviknes Hotel frå 1877, ærverdig, familiedrive heilårsope hotell med nærare 200 gjesterom. Hjå Ciderhuset et du godt, og du kan vandra i frukthagen, og få kunnskap om dyrking og produksjon av dei edle fruktdråpane. Kanskje høyrer du tonar av gregoriansk messe frå 1100-talet? Det er eigaren som syng til eiketønnene med eplebrennevin i vinkjellaren.

I dag er Balestrand bygda med stadig fleire unge etablerarar av naturbaserte aktivitetsverksemder.

Bilde av kulturelle bygninger fra fjorden

Kunst og kultur

Kunstbygda Balestrand byr på fleire varierte kunstsamlingar og lange tradisjonar med kunstnarliv. Lite slår ein spasertur mellom trehusa i sveitsar- og dragestil i fjordbygda under fruktblomstringa. Gjerne ei langhelg i mai, når tonar frå barytonsaksofon dansar i hotellhagen under Balejazz.

 

Aktuelt: