Aurlandsfjorden

Aurland

Kommunen med fjordarmen som er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Kommunen med heilårsturisme og eit mangfaldig reiseliv i vekst, plassert sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen

Ein kommune med gode kultur- og idrettstilbod både for små og store. Basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett, skyting og boksing, restaurantar, kafé, bryggeri og bakeri. Aurland er ei skikkeleg vestlandsperle ideel for fjellturar, jakt og fiske.

 

Noregs mest populære turistattraksjon

Me kjem ikkje utanom Noregs mest populære turistattraksjon i ein presentasjon om Aurland. Flåmsbana er vidgjeten, og er fleire gonger kåra til verdas beste togreise. Den 20 kilometer lange togturen syner norsk natur på sitt vakraste og mest storslåtte og er eit meisterverk av norsk ingeniørkunst. Flåmsbana er ei av verdas brattaste jernbanestrekningar på normalspor med dei spektakulære vendetunellane som går i spiral inn og ut av fjellet. 18 av dei 20 Flåmsbane-tunnelane er bygde for hand.

Aurlandsdalen, er minst like mektig. Dalen der det veks vill rabarbra, og har ein sjeldan flora med mellom anna Fjelldronninga, ei av dei vakrasta fjellblomane i landet. Nærare 500 plantesortar finst i dalen som er eit eldorado for både blomsterelskarar og naturglade. Dalen der stupbratte fjell kastar seg loddrett ned i djupe elvegjel. Små bekkar og mektige fossar – nedlagde gardar og gamle stølar. Ei av desse er Sinjarheim, garden som ligg høgt og fritt på eit høgdedrag med gjel, juv og fossar på alle kantar. Sjølv om omgjevnaden er dramatisk har det budd folk her i lange tider. Garden vart fråflytt i 1922, men vart i 1988 restaurert av Fortidsminnesforeningen og no brukt som støl av Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland.

Men Aurland er langt meir enn eit attraktivt reisemål.

Utkikspunktet Stegastein

Premiert Næringsliv

The Fjords, dei tre heilelektriske katamaranane som syner fram Nærøyfjorden frå Gudvangen til Flåm har fått fleire prisar for sitt innovative design og universelle utforming. Alle passasjerar er likestilte på båten og er eit internasjonalt førebilete for alle som driv med passasjertransport til sjøs.

Den berømte osten frå Undredal har vunne fleire gjeve prisar. Kvit Undredal Eldgamal har gullmedalje frå Oste-VM/World Cheese Awards, og Vellagra Kvit Underdal er kåra til årets ost i konkurransen til Det Norske måltid. Ægir har vunne årets øl i konkurransen som Det Norske Måltid arrangerer. Haugen Gardsmat har fått Q-meiriet sin matreddarpris for Sognalapskausen som er laga med mål  å utnytta råvarene. Dei har tidlegare fått Innovasjon Noreg sin Bygdeutviklingspris for verksemda si, og. Reiselivsverksemda 29-2 Aurland AS har og motteke den same gjeve prisen i 2018.

Stegasteinen utkikkspunkt har fått fleire utmerkingar for flott arkitektrur, mellom anna er han kåra til årets anlegg 2006, og Magasinet designcurial har kåra toalettet ved sida av som verdas beste offentlege toalett.

Vikinghus

Næringsliv tufta på tradisjonar

Få stader i verda kan by på eit så storslege landskap som Gudvangen, bygda inst inne i Nærøyfjorden. Njardarheimr gir nytt liv til historia og kulturen frå vikingtida, og her kan du vandra mellom dei 20 vikinghusa, kjenna lukta av bål og tjæra, og bli del av ein levande vikinglandsby. Vikinglandsbyen Njardarheimr er eit internasjonalt lokalsamfunn av vikingentusiastar, og dei syner deg korleis vikingane levde, arbeidde og påverka verda rundt seg. Du kan bli med på både  øksekasting, pil- og bogeskyting, veving og andre handverksaktivitetar.

Aurlandsskoen har vore produsert sidan 1930-talet. I si tid var det 19 ulike skofabrikkar i drift i Aurland og 100 personar sysselsette innan skomakaryrket. I dag er Aurland Skofabrikk den einaste skofabrikken att som produserer den kjente og karakteristiske Aurlandsskoen, populært kalla «the original penny loafer». Ta ein tur inn i butikken og fabrikken, som i dag er eit Économusée; ei levande handverksbedrift som byr på ein ekte turistattraksjon i kombinasjon med produksjon og sal av tradisjonsprodukt.

Aurland Jord- og hagebrukskule

Aurland Jord- og hagebrukskule vart stifta i 1917 og er per 2022 den einaste 100 % økologiske landbruksskulen i Noreg. Elever frå heile landet kan søkja, og landbruksskulen byr på fruktbare samarbeid med dei lokale mat-og reiselivsbedriftene, barne-og ungddomsskulen mfl.

Kajakkpadlere på fjorden

God oppvekst

Aurland har fleire levende lokalsamfunn med innbyggjarar som kvar dag deltek og engasjerer seg i foreiningsliv og aktivitetar som skapar glede, samhald og fellesskap. Turlag, ungdomslag og bygdelag. Her er det mange som fritt og viljug gjer ein innsats for andre. Det styrker banda mellom oss i bygdene, og skapar eit varmare og meir inkluderande samfunn.

1780 innbyggjarar er fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Med to barnehagar, to barneskular og ein ungdomsskule får borna ein god oppvekst der dei bur. Vil du også bu her? Det er ledige tomtar og nybygde leilegheiter med fjordutsikt kringom i kommunen.

 

Aktuelt: