Fresvik

Ei aktiv jordbruksbygd, lun og vendt mot fjorden. Trygg og god oppvekst, lag og organisasjonar for ein kvar, musikkfestival, industri, og eit rikt friluftsliv. Velkomen til Fresvik.

Du finn Fresvik i ei lita bukt på sørsida av Sognefjorden. Rett ved bygda går innløpet til Aurlandsfjorden, med Nærøyfjorden som er på UNESCO si liste, inst inne. Som ein av inngangsportane til Verdsarvområda, ligg mykje av fjellområda i Fresvik innanfor landskapsvernområdet. Det finst knapt ein stad der fjella stuper i fjorden som her. Med fjord i nord, fjell i vest og i aust, og med Fresvikbreen i sør, er du midt i smeltedigelen av naturlege herlegdomar.

Natur og friluftsliv

Det er eit føremon å vera friluftslivinteressert når du er omkransa av høge fjell i tre retningar og Noregs lengste fjord i den fjerde. Fjella kring Fresvik byr på ypparlege høve for dei lange fine turopplevingane, samstundes som du ikkje treng å reisa verken høgt eller langt for å nyta utelivet i fjordbygda. Trimpostkassane står tett, og frå fjorden kan du ta deg ein båttur eller padla kajakk, fiska og bada.

God oppvekst

Det er få stader som har så gode oppvekstvilkår som Fresvik. Barnehagen og barneskulen er samlokalisert, og dei til saman 10 tilsette er stolte av å kunne gje borna i bygda eit stimulerande miljø som stettar opp om lysta til å leika, utforska, læra og meistra. Fresvik EnSpire skule A/S er den tredje godkjende friskulen med entreprenørskap som profil. Skulen følger den nasjonale læreplanen og er godkjend av Utdanningsdirektoratet for 30 elevar på 1. – 7. trinn. Skulen er for alle, og tek ikkje foreldrebetaling.

Fresn

Om du er glad i å reisa på festival, kjenner du garantert til Fresn, den helga då innbyggjartalet i Fresvik blir femdobla. Fresn er kjend som ein av dei aller trivelegaste musikkfestivalane i Noreg. Frå å vera ein festival med heimesnekra toalett og utan vakthald, er Fresn i dag ein heilprofesjonell festival med plass til både dei store, kjende artistane og dei som først blir oppdaga og populære om nokre år. 

Organisasjonsliv

Fresvik har eit sterkt organisasjonsliv, som er med på å byggja fellesskap og felles identitet. Du finn grupper som både går turar, strikkar og møtest til andre hobbyar og interesser.

 

 Aktuelt