leikanger-kommune-håvard-nesbø.jpg

Leikanger

Storslagen, vendt mot sola og den opne og breie delen av Sognefjorden i sør og med eit godt klima, varm sommar og lang varm haust, finn du Leikanger.

 

Frå gamalt av har området vore kalla "Systrond".

Namnet, som framleis er i bruk, vert tolka som "Strondi der det syder av varme", og har i meir enn 4500 år vore ei god jordbruksbygd. Visste du at Noregs fyrste konge, Harald Hårfagre, vaks opp i Husabø?

Flufoto av Leikanger med Knausen fremst

Offentlege arbeidsplassar

I dag er Leikanger kjend for å ha dei mest kunnskapsrike innbyggjarane i Noreg – i alle fall basert på utdanningsnivå. Digitaliseringshovudstaden for offentleg sektor med dei sterke spesialiserte kompetansemiljøa syter for at dei 700 statlege arbeidsplassane hjå Digitaliseringsdirektoratet, Statsforvaltaren, Statens vegvesen, fylkeskommunen og Nav si økonomiteneste leverer brukarvenlege tenester av høg kvalitet.

Folk på badebrygge

Naturbasert næring

Framleis står og bær- og fruktproduksjonen sterkt, med om lag 80 000 tre med eple, pære og plommer i blomstring kvar vår er bygdi blant dei største fruktområda i landet. Med stort fruktlager, forskingsstasjon for frukt og bær, og med verdas nordlegaste vingard som har fått prisen for «Noregs beste vin» siste åra, er Leikanger ein god plass både å leva og arbeida. 

Kulturminne

Leikanger kan vise til ei lang og rik vikinghistorie. I meir enn 4 500 år har Systrond vore jordbruksland og eit område med storgardar med mektige kongar, futar, hovdingar og lensmenn.

I Leikanger står det heile tre bautasteiner, og blant dei er den aller høgste bautasteinen i Noreg, og er eit mektig prov på den fjerne og spennande vikinghistoria ved Sognefjorden. Harald Hårfagre vaks opp i Husabø hjå morfaren Harald Gullskjegg som var konge over Sogn. Harald arva sogneriket etter morfaren. Med utgangspunkt i Leikanger starta Harald Hårfagre samlinga av Noreg til eitt rike.

 

Aktuelt: