Skitrekket på Hafslo

Hafslo

Vil du ha kortast mogeleg veg til pudderkøyring frå heisbasert anlegg? Då er det på Hafslo du bør bu. Sentralt plassert midt mellom Sogndal og Gaupne, med gunstige tomte- og husprisar og eit rikt naturbasert aktivitetstilbod med mellom anna paragliding, fugletitting, fiske, langrenn og tilrettelagde turstiar.

 

Med flott plassering midt mellom Sogndal og Gaupne,

gunstige tomte-og husprisar og eit rikt naturbasert aktivitetstilbod, er dei nye byggefelta på Hafslo attraktive både for førstegongsetablerarar, småbarnsfamiliar og studentar.

Servicebygg og offentlege bygg som skule, hotell, omsorgsbustad og butikkar ligg i sentrum, men sjølve bygda strekker seg kring heile Hafslovatnet og til det langstrakte Veitastrondvatnet opp til Høgste Breakulen på Jostedalsbreen. Vegetasjonen i området er både naturleg, kulturpåverka og menneskeskapt, og det er framleis eit rikt dyreliv kring Hafslo. Fugletitting er ein spesielt populær aktivitet for fugleentusiastar og ornitologer ved fuglefredingsområdet i vestenden av Hafslovatnet.

Skiløyper på Hafslo

Natur og friluftsliv

Alpinbakken med 550 meter fallhøgde og med eit skitrekk på 2002 meter er det ein av dei lengste i landet. Kloss i anlegget finn du ein tilrettelagt og drenert terrengsykkelsti som kan syklast i all slags vêr. Sogn Paragliderklubb tilbyr årlege kurs for ferske flygarar i dei slakke bakkane oppom Hafslovatnet, medan dei erfarne pilotane ser du gjerne med speedglideren i skisenteret. Aure av prima kvalitet får du i Hafslovatnet sommar som vinter. Om vinteren frys Hafslovatnet til stålis – og byr på enno fleire aktivitetar: Trakka skiløyper og brøyta skøytebane, modellflyklubben i Sogn brukar isen som god landingsstad.

Inngangsporten til Veitastrondi

Hafslo er inngangsporten til Veitastrondi, som i lange tider var ei av dei mest avsidesliggjande og avstengde bygdene i fylket. Tungestølen turisthytte ligg idyllisk til der Langedalen og Austerdalen møtest, i utkanten av Jostedalsbreen. DNT-hytta, arkitektteikna av Snøhetta, opna av HM Dronning Sonja i 2019, ligg der ved inngangen til breriket og eit landskap som av W.C. Slingsby i si tid skisserte som truleg det flotteste brelandskapet i Europa.

 

Aktuelt: