Vik

Skiskyting, fotball, teknologi, kraft og industri - og festivalar for å heidre både gamalosten og bringebæret. Dugnadsarbeid, entusiasme og vilje frå bygdefolket og idrettslaget får fram utøvarar og verksemder i verdsklasse.   

 

I Vik får du alt

frå stupetårn, eiga badestrand, tuftepark, sandvolleyball, fotballbaner, eit flott idrettsanlegg, butikkar til restaurantar og heilårsopne hotell.

Med eige skisenter, sommarskisenter og rulleskiløype kan små og store kosa seg i det flotte løypenettet med utsikt til Sognefjorden.   

Bilde av skigåarar på fjellet

Dugnadsmiljø

Jubelbrøl frå skiskyttarar som trenar akkurat her, ein av få stader i landet der dei kan gå på ski samstundes som dei er i nærleiken av skytebana. Heiarop til fotballaga i nesten alle divisjonar. Gledeskrik frå fjelltoppane og motbakkekonkurranseløypa. Dugnadsarbeid, entusiasme og vilje frå bygdefolket og idrettslaget får fram utøvarar i verdsklasse.   

To damer i sofaen i sosial sone på kontor

Teck og industri

Vik er teknologi, industri og kraft. Kraftselskapet Sognekraft syter for kraftforsyninga til innbyggjarar og næringsliv, teknologiselskapet Highsoft har over 80 av dei 100 største verksemdene på Fortune 500-lista som kundar, og einaste gamalostfabrikken i landet finn du i Vik. Den faste muggosten nesten utan feitt, salt og tilsetjingsstoff og med heile 54 % protein, har røter heilt attende til vikingtida. Kan henda gamalosten er løyndomen til korleis vikingane vart både sunne og sterke, og kunne legga verda for sine føter?  

Personer som hopper fra stupetårn

Festivalbygda

Gamalosten blir heidra kvart år med eigen festival. Gamalostfestivalen byr på ulike fagseminar kring mat, kulturkveld i Vikjahalli, konsertar og dansetilstellingar, fiskekonkurranse, kassabilløp og meir til. Likar du betre Bringebær? Vik har ein festival for det og. Mest interessert i musikk? Då er det musikkfestivalen i nabobygda Fresvik, Fres Festival, du skal sikta deg inn på. 

 

Aktuelt: