– I distriktet får du utfordingar om du søkjer utfordringar

– Eg har ikkje kjeda meg ein einaste dag, smiler Åslaug Stadheim Ese.

Åslaug er dagleg leiar i Accountor Sogn, totalleverandøren av rekneskaps- og rådgjevingstenester med ni tilsette i Vik og i Balestrand. Det er 13 år sidan dei gjekk frå å vera eit lite, lokalt rekneskapskontor til å bli del av ei større kjede.

 – Me er framleis sjølveigde og sjølvstyrde, samstundes som me har rask tilgong på menneskje og programvare med rett og oppdatert kompetanse. Det er store endringar i rekneskapsbransjen, spesielt innan digitalisering og innan berekraft, og då er det heilt supert med stordriftsføremonene me får ved å vera del av Accountor. Det har me, og ikkje minst kundane våre, stor nytte av, både fagleg og sosialt, seier Åslaug. 

Dei neste to åra ser ho føre seg å rekruttera to, kanskje tre, rekneskapsførarar. Sjølv om Vik er ei flott bygd å bu i og byr på miljø innan teknologi og idrett i verdsklasse, er det ikkje alltid like lett for Accountor Sogn eller andre verksemder i bygda og rekruttera dei rette folka til ledige jobbar.

Det vil Åslaug gjerne gjera noko med.

 I distriktet får du utfordingar om du søkjer utfordringar

 – Mi erfaring er at, om du vil, får du vera med å påverka. I distriktet er det plass til deg som vil og ynskjer, du får rom og tillit til å delta i samfunnet kring deg. Du får utfordingar om du søkjer utfordringar, og det er ein stor føremon med å bu i Sogn.  

Sjølv likar Åslaug å vera der det skjer, og å ta i eit tak for samfunnet, mellom anna i vervet som styreleiar for Vik Næringssamskipnad. Med meir enn 60 medlemsbedrifter og møteverksemd kvar månad er det høg aktivitet sikta mot å få utvikling og vekst for heile næringslivet og samfunnet generelt.

– Det er mykje me vil bidra til å betra. Alt frå kommunikasjon og infrastruktur som vil kunna gje oss eit større bu- og arbeidsmarknad, med kortare pendlaravstandar, kortare veg til jernbane og internasjonal flyplass, til prosjekt retta mot skuleelvar for å bli kjende med næringslivet, til ulike tiltak for at verksemdene kan vinna fleire anbodskonkurransar.

– Me har lett for å kjefta på kommunen og verksemder om dei vel leverandørar utanfor kommunen til å utføra ulike oppgåver. Me må heller prøva å få opp kvaliteten på anboda næringslivet i Vik leverer, slik at det blir lettare å velja lokalt, forklarar Åslaug.

Næringssamskipnaden er òg oppteken av rekruttering av arbeidskraft på lang sikt.

– Det er ein føremon at ungane våre er kjende med bedriftene og mangfaldet av arbeidsplassar i bygda før dei reiser ut for å gå på vidaregåande og for å studera. No i november inviterer me avgangselevane i skulane inn i bedriftene for å bli kjende med kva mogelegheiter som finst.

 Korleis skal me elles få dei attende til bygda om dei ikkje kjenner til mangfaldet av arbeidsplassar det lokale næringslivet i kommunen vår byr på?

Moro på arbeidsplassen. Åslaug som Quality Avenger.

– Tenk berre på alle yrkesgruppene som er i ei bedrift; HR, sal og marknadsføring, rekneskap, leiing, fysisk produksjon eller tenesteproduksjon og mykje meir.

Rekruttering er utfordrande også til spennande arbeidsplassar i rekneskapsbransjen

– Om du finn den rette personen så må du ikkje venta med å tilsetja han eller ho, det har eg lærd, fortel Åslaug.

– Me har mellom anna prøvd oss som traineebedrift i Framtidsfylket og hadde to personar me ville tilsetja, men begge var freista av større arbeidsmiljø.

No tek dei ei litt meir utradisjonell tilnærming til rekruttering til eiga verksemd.

– Me tilsette nyleg Julie. Ho er 28 år og utdanna optikar, men med sans for tal. Etter nokre år fann ho ut at ho sakna å ha kollegaer i det daglege arbeidet sitt, og me fann saman. Me investerer i opplæringa ho treng for å bli rekneskapsførar, og håpar så klart at ho blir hjå oss lenge. På småplassar som Vik, kan det vera smart å satsa på folk som er frå Vik og har teke eit bevisst val om å bu akkurat her. Med ni personar på Sognakontora, i tillegg til ressursar og kompetansen til meir enn 2300 kollegaer i sju land med på laget, er det rikeleg med flinke kollegaer å spela på.

– Me er også mykje ute hjå kundar. Innimellom treng dei kring 200 kundane våre ekstra hjelp i økonomiavdelinga si, det kan vera i samband med større oppdrag eller sjukmeldingar og permisjonar.  Då snur me oss rundt og er klare nesten på dagen for å hjelpa til, smiler Åslaug.

Ein kjempespennande bransje med store endringar

Åslaug har snart drive rekneskapskontor i 35 år, og spesielt siste åra har det vore store endringar i rekneskapsbransjen, spesielt innan digitalisering.

– Kanskje den største endringa er at tidlegare hadde me eitt rekneskapssystem som me gjorde all jobben i, uansett kunde. No brukar me kundane sine rekneskapssystem, og det kan henda me må innom fem til ti ulike system berre i løpet av ein arbeidsdag, seier Åslaug.

– Det kan vera utfordrande, men samstundes opnar automatiseringa for arbeidsdeling. Det gjer arbeidet og arbeidsdagen vårt meir fleksibel, og det er enklare å hjelpa til med å kontrollera det som kjem ut, som eksempelvis å kunna hjelpa kundane med planlegging av investeringar og skatt.

Det er ikkje berre i eigen bransje det er store endringar siste åra. Kundane våre har også nye forretningsmodellar ein rekneskapsførar får bryna seg på.

Accountor Sogn fører mellom anna rekneskap for Kjartan Lauritzen og gjengen kring artisten som nyleg har sloppe heile Noreg tett innpå liva sine i NRK-serien «6899 til eg dør». 

– Den driftige gjengen i Balestrand driv verksemder kring artisten, festival, hotell, tannlege, butikk og e-sport. Det er for eksempel første gongen me fører rekneskapen til eit e-sport selskap, smiler Åslaug.

Rekneskapssida i Krypto-bransjen har dei også fått bryna seg på.

– Det er kjempemoro å bli kjend med ulike bransjar, og spesielt bransjar me ikkje er vane med. No som også teknologien kring kunstig intelligens kjem i full kraft, er det store endringar på trappene både internt og hjå kundane våre, og det er umogeleg å seia korleis det vil påverka arbeidet vårt, men spennande blir det og me er i gang!  

Tek ansvar innan berekraft

– Berekraft er på full fart inn i næringslivet, men førebels er det kun dei store børsnoterte selskapa som får lovpålagde oppgåver. Det betyr likevel ikkje at dei mindre rekneskapskontora og dei små- og mellomstore verksemdene ikkje skal bry seg om berekraft, seier Åslaug entusiastisk. 

– Me i Accountor Sogn har i samarbeid med hovudkontoret sett fokus på berekraft – det er spennande og påverkar både oss og kundane våre.

I september vart jamvel Accountor del av  FN sitt Global Compact program. Programmet, eller nettverket, fungerer som ein felles global arbeidsplan for land, næringsliv og sivilsamfunn for å nå berekraftsmåla. Berekraftsmåla er tydelege på at næringslivet er ein del av løysninga, og må ta ansvar.

– Det er klart at me skal gjera vårt for å få ei berekraftig framtid.

Ta kontakt

Interessert i å bli kunde eller tilsett? Ta gjerne kontakt med Åslaug for ein triveleg prat om rekneskapsføring.

VikLisbeth Bringebøen