Koordinator for masterplan og berekraft i Visit Sognefjord

— Visit Sognefjord tilbyr ein spanande stilling i eit kreativt og givande arbeidsmiljø. Stillinga gjer at du blir kjend i kommunane kring Sognefjorden, og du får eit breitt nettverk både innanfor reiseliv og innan berekraftsarbeid.

Det seier Heidi Hauge, reiselivsdirektør i Visit Sognefjord.

Heidi Hauge på veg til Flatbrehytta. Foto: Falkeblikk / Tore F. Lie

Visit Sognefjord skal tilsetja Koordinator for masterplan og berekraft. Koordinatoren skal ha ansvar for oppfølging av mål, strategiar og handlingsprogram i masterplan og merkeordninga for berekraftig reisemål. Arbeidet vert gjort i tett samarbeid med styringsgruppa for masterplanen, kommunane, næringa, verneområda, næringsselskapa, samarbeidspartnarar og Visit Sognefjord. Koordinatoren vert sekretariat for styringsgruppa og ansvarleg for merking og re-merking av reisemålet, og rapporterer direkte til reiselivsdirektør og styringsgruppa.

— Handlingsprogrammet skal ta planen frå ord til handling. Her skal me bryta opp delstrategiane, og prioritera kva som skal jobbast med først, av kven og på kva måte. Dette blir difor eit viktig og spennande arbeid, fortel Heidi. 

Stillinga er ei treårig prosjektstilling med intensjon om fast tilsetjing. Søknadsfristen er 1. november.

Sogn, eit berekraftig reisemål

Sogn skal stå fram som eit av dei fremste reisemåla i verda og indrefileten av det norske fjordlandskapet med utgangspunkt i nokre av dei vakraste natur- og kulturlandskapa i verda. Levande fjordbygder tett i tett, eit mangfald av aktivitetar til alle årstider, UNESCO verdsarv, nasjonalparkar, den lengste fjorden, den største breen, dei høgste fjella og dei fremste attraksjonane som mellom anna stavkyrkjene, Flåmsbana og dei nasjonale turistvegane.

— Reiselivet skal styrast i ei meir berekraftig retning ved å bruka «Standard for berekraftig reisemål», som er eit sett med kriterium og indikatorar, forklarar Heidi.

Størst auke av turistar i Sogn

Sogn som reisemål blir stadig meir populært.

— Sognefjordregionen hadde den største prosentvise auken av utanlandske gjester pr. august, og me har von om at dette reiselivsåret set rekord. 

Fleksibel og god arbeidsplass

Visit Sognefjord er reisemålsselskapet for Sogn rundt Sognefjorden med over 200 medlemsbedrifter, er eigd av sju kommunar, og har fire fast tilsette.   

— Me er også fleksible med delt heimekontor og kontor på Campus i Sogndal, smiler Heidi.

Sjå heile stillingsutlysinga her.

Lisbeth Bringebøen