Møt vår nye mat- og drikkeambassadør

 

Tonje Torvanger frå Sogndal tenkte aldri på å bli kokk då ho vaks opp. Då ein skade sette stoppar for å velge idrettslinja på vidaregåande, vart restaurant- og matfag valet likevel, trass i råda ho fekk frå folk rundt seg. 

 

Det var læremeisterane ho traff på kjøkkenet som vekte gnisten i ho. No har Tonje Torvanger ti år erfaring med kokkelua på, og er klar for å knuse mytene om kokkeyrket som andre unge møter når dei skal velge retning.

Som mat- og drikkeambassadør vil Torvanger inspirere og engasjere dei som skal velge retning, og syne fram mangfaldet yrket byr på. Ei rekke ulike karriereretningar, moglegheit til å jobbe deg opp, til å konkurrere og vere kreativ, og gleda med å skape opplevingar for menneske saman med laget ein er på kjøkkenet.

Historia om yrket må skrivast om. Då må både foreldre, rådgivarar og unge få høyre kva kvardagen faktisk rommar når ein vel eit yrke innan restaurant- og matfag, og ikkje lene seg på gamle myter, seier mat- og drikkeambassadøren.

 Det viktigaste kokkeverda rommar, er samholdet. Det kan vera høgt tempo. Det er som ein lagidrett, alle jobbar saman for å komme i mål.
— Tonje Torvanger

Mat- og drikkeambassadøren skal jobbe med å løyse potensialet til Sogn som mat- og drikkeregion. Framtida for regionen ligg i tilgangen på fagkompetanse. 

I Sogn har vi gode føresetnadar for produksjon, foredling, sal og distribusjon av lokal mat og drikke. Vi har aktørar som har kommersialisert produkta sine og bygd sterke nasjonale og internasjonale merkevarer, og mange dyktige produsentar og fagfolk jobbar dagleg med å utvikle produkt og råvarer av høg kvalitet - frå jord til bord.

Desse menneska treng vi fleire av for å bygge omdømet som mat- og drikkeregion. 


Mat- og drikkeambassadøren har komme på plass etter eit initiativ frå Lerum, Norways Best, Fjærland Fjordstove, Sogn Næring og Restaurant- og matfag ved Sogndal vidaregåande skule. For å lukkast med satsinga inviterer vi til eit vidare samarbeid mellom næringsliv, offentlege aktørar og dei gode hjelparane i verkemiddelapparatet. 

 
 
Bård Basberg