Fjærland

Eit levande bygdesamfunn ved Fjærlandsfjorden. Bokby, isbre og bremuseum, flytande fjordsauna, hotell og restaurant.

I ein avstikkar på tre km frå riksveg 5 finn du Mundal, sentrum av Fjærland med skule og barnehage, butikk, hotell, turistinformasjon og bokby. Den norske bokbyen er den første i Skandinavia og den 8. i verda med sine 150 000 bøker frå eit titals særprega utsal.

Med plassering midt mellom Skei og Sogndal, kan du pendla til private- og offentlege arbeidsstadar i både Sogn og Sunnfjord. Eller du kan skapa din eigen arbeidsstad i fjordbygda Fjærland.

Dei 275 innbyggjararne ynskjer tilflyttarar velkomne, og lovar eit bu- og oppvekstmiljø som fyller både vaksne og born med meining og meistring. Else Mundal, bulystkoordinator i Fjærland bydalag, tek gjerne ein uforpliktande prat med deg som er interessert i å bli Fjærlending.

Isbrear er naturen på sitt aller mektigaste. Og vakraste. Dei enorme naturkreftene gjer verkeleg inntrykk. Ikkje berre er isbreane flotte å sjå på, men is både på hav og på land er varslarar om endringar i det globale eller regionale klimaet. Isbreane er klimalaboratorium. Dei gir oss kunnskap både om dagens klima og om klima før i tida, dei er difor viktige klimaindikatorar. Godt utgangspunkt for kunnskap om isbreane og spennande breopplevingar får du hjå Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten. Når du er innom, gå ikkje glipp av den fantastiske panoramafilmen om Jostedalsbreen Nasjonalpark, synt fram på Europas største saumlause lerret.

Bokbyen

Den norske bokbyen, har eit titals originale bokutsal som tidlegare har vore ferjeventerom, fjøs, bank, fryseri og postlokale. I bokbyen er det 150 000 bøker i alle kategoriar, alt saman godt sortert, og byr på ei eventyrleg litterær reise for små og store - innan alle interessefelt.

Organisasjonsliv

Når turistsesongen er over og bokbyen og hotellet stenger lukene for sesongen, vaknar organisasjonslivet i Fjærland til liv att. Vinteren er tida å planleggja for neste år, og til å drifta mylderet av organisasjonar. Med eit mylder av organisasjonar, vil du finna noko som passar for deg, uansett evne, interesse og ambisjonsnivå: Dans og musikk, idrett og friluftsliv, jakt og fiske, handverk, historie, næring og livsmeistring - i tillegg til bygdemøta som er areanen for å koma saman og drøfta idèar, ynskje og å planlegga framtida til bygda.


 Aktuelt