Sogndal

Pudderparadis, hundrevis av stiar for stisykling, ei elv verdskjend blant elvepadlarar, klatrefelt og klatrevegg i Noregstoppen, og ikkje minst fjordsti, badestrand og enkel tilgang til fjorden frå sentrum.

I Sogndal er me vane med mykje tilflytting og utflytting

– det gjer bygda til ein plass som er ekstra open for nye menneskje, og alle er svært velkomne uansett om du er her for ein kortare eller lenger periode.

Sogndal, regionsenteret i Sogn kom på 15. plass nasjonalt i Kommune-NM 2021! Kommune-NM rangerer kommunar basert på næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi. Med 3. plass i fylket, rett bak Bergen, kan kommunen med 11 938 innbyggjarar smila enno litt breiare av å ha lukkast med å vera ein kommune og ei bygd som er bra å bu og jobba i.

I regionsenteret bur ein tredjedel av innbyggjarane i kommunen, og med eit tillegg på 2500 studentar i semesteret blir det liv og røre i sentrumskjernen. Studentane kjem kvart semester med mykje energi, er godt synlege i bybildet, og syter for eit vidt spekter av konsertar, quizar, uteliv og arrangement.

 
Dame som går på tur

Natur og aktivitetar

Pudderparadis, hundrevis av stiar for stisykling, ei elv verdskjent blant elvepadlarar, klatrefelt og klatrevegg i Noregstoppen, og ikkje minst fjordsti, badestrand og enkel tilgang til fjorden frå sentrum. Halvanna timen unna er du i Jotunheimen mellom landets høgste og mest alpine toppar. Knappe timen og du kan utforska blåisen til Jostedalsbreen med ski, kajakk eller stegjarn. I Sogndal får du eit rikt spekter med naturbaserte aktivitetar kvar einaste sesong – og høve til å bruka naturen når han er på sitt beste. Lat vêrmeldinga avgjera om du skal vera på Togga eller kontoret før lunsj.

Personer i sofaen i kontorfellesskap

Sterke kompetansemiljø

På Campus Sogndal ventar moderne kontorfellesskap lokalisert mellom 3000 studentar, akademikarar og gründerar. 

Her er fleire kompetansemiljø innan ei rekkje ulike fagområde; High-Teck, programmering og naturbaserte forretningsmodellar -  du finn heilt sikkert nokon som kan utfordra deg på dine område – eller idear til  samarbeid og nye forretningsidear!

Syklist ned eit svaberg

Ei bygd i utvikling

Sogndal har fleire restaurantar og kafear med italiensk, kinesisk og tradisjonell cuisine. Utbyggingsaktiviteten er høg, du kan flytta rett inn i nye leilegheiter, rekkjehus eller einebustader.

Fjellsportfestivalen samlar kvart år skientusiastar, studenthuset Meieriet hyrer inn dei beste norske artistane og banda og kulturhuset har eit rikt utval kultur- og kinoprogram året rundt. Folketalet og studentmassen aukar kvart einaste år, og bygda er full av ung atmosfære og ungdommeleg mot – studentmassen står for ein fjerdedel av folka i bygdi, det set sitt eige, fantastiske preg på samfunnet, utviklinga og ikkje minst kvardagen i Sogndal.

Ungdom på trampoline

Studentmiljø

Sogndal er kjend for det gode studentmiljøet. Korte avstandar mellom hybel, høgskule, studentaktivitetar og natur gjer at du får meir ut av døgnet som student i Sogndal. Trygt, lite og oversiktleg med kun 2500 studentar, men med kompetanse på Universitetsnivå  - Universitetsstatusen er berre få år fram i tid. Meieriet kan fort bli din andre heim. Her vil du alltid treffe kjende, både på dag- og kveldstid. På Meieriet finn du cafe, pub og konsertarena. Quiz, spelekveldar, disko og temakveldar står ofte på programmet. Studenthuset har mange undergrupper du kan delta i, som band, kor, revy, foto med meir. Dei fleste utdanningane i Sogndal har eigne linjeforeninger. Desse er drivne av studentar, og dei arrangerer både faglege og sosiale arrangement. Lurkarlaget, Sjøspretten og Studentspretten er studentorganisasjonane for deg som er glad i friluftsliv, kajakk, sjø og dykking eller trening av ulik karakter.

Det er lettare å engasjera seg når miljøet er mindre. Som student i Sogndal finn du garantert  utenomfaglege, sosiale og kulturelle aktiviteter du vil engasjera deg i.

 

Kvifor valde dei Sogn?