Hopp til hovedinnholdet

Jobb for to

Er du på jakt etter jobb i Sogn?

Sju av ti stillingar vert aldri lyst ut. Det talet gjeld nok diverre like mykje i vår region som på landsbasis. Då er det einaste som hjelper å kjenna nokon som kjenner nokon. Sogn Næring kjenner arbeidsmarknaden i regionen godt, og dei deler gjerne av nettverket sitt som består av alt frå gründerverksemder, større private aktørar og kommunale næringsarbeidarar, med nye tilflyttarar.

Ta sjansen og flytt til Sogn sjølv om berre ein av dykk har fått napp på ei stilling. Me vil hjelpa deg å finna dei sju stillingane som ikkje dukkar opp i tradisjonelle utlysingar.

Kva du kan gjera sjølv:

  • Send opne søknader

  • Be om ein uforpliktande prat

  • Ver frampå