Skikøyrar som svinger ned mot fjorden

Gaupne

Inngangsporten til dei tre nasjonalparkane Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen. Verksemda som veit at Messi skal skifta klubb før alle andre. Reiseliv og kraft. Lokalbank med samfunnsansvar og motor for vekst og utvikling.

 

Gaupne, kommunesenteret midt i Luster kommune

- den nest største kommunen i areal i Vestland og den 17. største i Noreg. Ingen andre kommunar ved salt sjø har samstundes så mange høge fjell og isbrear innan eigne grenser. I kommunesenteret finn du badeland, samfunnsmedvite næringsliv og eit heilt utruleg printmiljø.

Digital etikett inne i trykkeriet

Printmiljø

Når Messi skal skifta klubb veit trykkeriverksemda Avery Dennison NTP det før alle andre. Verksemda med 170 tilsette utviklar og produserer merke (transfers) for bekledning. FC Barcelona, Adidas, NFF, Liverpool, Premier League, Nike, UEFA, MLS, Bayern München, FIFA og Real Madrid er nokre av kundane som blir like bergtekne kvar gong dei kjem på vitjing til verksemda ved inngangsporten til dei tre nasjonalparkane Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen. 

I eitt av nabobygga held Gaselle-verksemda Digital Etikett til, etikettverksemda som har funne nisja si i mindre opplag.

Skitrekket på Hafslo

Samfunnsmedvite næringsliv

I sentrumsparken ved handelssenteret Pyramiden finn du ei av dei viktigaste verksemdene for utviklinga av lokalsamfunnet og næringslivet; Luster Sparebank. Dei støttar frivillige lag og organisasjonar med store summar kvart einaste år. “Banktrekket” for eksempel, er skitrekket banken har finansiert i Sogn skisenter knappe 15 minuttar køyring frå Gaupne.

Litt nærare fjorden i kommunesenteret ligg Statkraft sin regionadministrasjon. Næringsliv og etablerar nyt godt av næringsfondet som er bygd opp etter dei mange og store kraftutbyggingane i kommunen. 

Badeland og Lustrabalder

Gaupne har barnehage, barneskule, ungdomsskule, matbutikkar, sportbutikk, apotek, legesenter, tannlege, aldersheim, bibliotek, vinmonopol, camping, hotell og ikkje minst badeland. Lustrabadet med klatrevegg, sklie og stupetårn og rause opningstider gjev bygda og tilreisande ein god stad å lauga seg. Om sommaren får du oppleva skikkeleg bygdefest med alle generalsjonar når Lustrabalder inviterer store liveartistar til utescena i Parken.

 

Aktuelt: