Mat- og drikkeambassadør for Sogn

I Sogn har vi bugnande epletre, jordeple og gulrøter i den fruktbare jorda og sau, geit og kyr som beitar i fjella. Langs fjorden og i dalane finn du restaurantar og hotell, som gjerne brukar dei gode råvarene på serveringsfata. Men veit verda om det, og har vi folka vi treng for å møte framtida?

Mat- og drikkeambassadøren skal jobbe med å løyse det uløyste potensialet Sogn som mat- og drikkeregion. Framtida for regionen ligg i tilgangen på fagkompetanse.

I Sogn har vi gode føresetnadar for produksjon, foredling, sal og distribusjon av lokal mat og drikke. Vi har aktørar som har kommersialisert produkta sine og bygd sterke nasjonale og internasjonale merkevarer, og mange dyktige produsentar og fagfolk jobbar dagleg med å utvikle produkt og råvarer av høg kvalitet - frå jord til bord.

Desse menneska treng vi fleire av for å bygge omdømet til regionen. For å lukkast med satsinga inviterer vi til eit samarbeid mellom næringsliv, offentlege aktørar og dei gode hjelparane i verkemiddelapparatet. Er de med? Sjå nederst på sida korleis du kan engasjere deg.

 

Tonje Torvanger

Mat – og drikkeambassadør for Sogn

Som Mat-og drikkeambassadør skal Tonje inn i klasseromma i Sogn, og møte unge og vaksne som skal velje retning i arbeidslivet. På vegen skal ho inspirere fleire til å jobbe kreativt med gode råvarer og skape gode rettar med ressursane vi har i regionen, og knuse mytene som gjer at folk kvir seg for å velje ei karriere innan restaurant- og matfag. Med dei rette hovuda og hendene på plass på kjøkkenet, skal vi bygge Sogn som mat- og drikkeregion.

👩‍🍳 Sous chef på Statholdergaarden

🥉 OL 2016 med juniorlandslaget (bronse)

🥉 VM 2018 med seniorlandslag (bronse)

🥇 VM 2020 med seniorlandslag (gull)

🥈 VM 2022 med juniorlandslag, kaptein (sølv)

 

Tonje Torvanger frå Sogndal tenkte aldri på å bli kokk då ho vaks opp. Då ein skade sette stoppar for å velge idrettslinja på vidaregåande, vart restaurant- og matfag valet likevel. Ho skulle læra seg å lage mat, bygge på med fag, og deretter finne ut kva ho ville.

Det var læremeisterane ho traff på kjøkkenet som vekte gnisten i ho. No har Tonje Torvanger ti år erfaring med kokkelua på, frå landslag og Statholdergaarden i Oslo, og er klar for å knuse mytene om kokkeyrket som andre unge møter når dei skal velge retning.

Det viktigaste kokkeverda rommar, er samholdet. Det kan vera høgt tempo. Det er som ein lagidrett, alle jobbar saman for å komme i mål.
— Tonje TORVANGER
 
 

Som mat- og drikkeambassadør vil Torvanger inspirere og engasjere dei som skal velge retning, og syne fram mangfaldet yrket byr på. Ei rekke ulike karriereretningar, moglegheit til å jobbe deg opp, til å konkurrere og vere kreativ, og gleda med å skape opplevingar for menneske saman med laget ein er på kjøkkenet.

Historia om yrket må skrivast om. Då må både foreldre, rådgivarar og unge få høyre kva kvardagen faktisk rommar når ein vel eit yrke innan restaurant- og matfag, og ikkje lene seg på gamle myter, seier mat- og drikkeambassadøren.

“Det var så spennande og kjekt at Tonje besøkte oss! Maten ser annerledes ut. Den er så rik på fargar, eg får lyst til å smake på den sjølv. Eg har fått spurt ho masse om korleis å legge opp tallerken fint med garnityr, eg treng meir erfaring med det. Draumen er å opne eigen kafè ein gong.”

- Waad Maritah

 

Mat- og drikkeambassadøren jobbar for å løfte Sogn til ein internasjonal mat- og drikkeregion. Ambassadøren jobbar i tett samarbeid med næringsapparatet,  vidaregåande skule i Sogn og med næringslivet. Ambassadøren skal jobbe for å utvikle tre innsatsområde:

👩‍🍳 Rekruttering og kompetanse

⛰️ Omdømme og merkevarebygging

🚜 Logistikk og infrastruktur

Eg oppdaga ei ny verd innan matkunst då eg starta i lære. Ein kan vere kreativ, leike med maten og få ting til å sjå vakkert ut.
— Tonje Torvanger
 

“Vi kan ikkje sitte på kvart vårt nes og tenke at ein skal bli verdsmeister sjølv. Saman blir vi sterkare, og det å ha ei ledestjerne som Tonje gjer mykje. Tonje er ung, har prestert på eit høgt nivå og er til stor inspirasjon for kommande elevar på restaurant- og matfag. “

- Steffen Furehaug Hovland, Faglærer restaurant og matfag

 
 

Bakgrunn for prosjektet

Over tid har søkartalet til restaurant- og matfag på Sogndal vidaregåande skule vore lågt. På same tid har ikkje næringslivet tilstrekkeleg tilgang på fagkunnskap og rekrutteringa har nådd eit kritisk nivå. Dette gjeld innan reiselivet og innan næringsmiddelindustrien.  Regionen Sogn har eit stort potensiale for å utvikle eit berekraftig næringsliv framover. Sentralt i dette står utvikling av arbeids- og buområdet, og ikkje minst reiselivsdestinasjonen Sogn.  

Ei større satsing på mat- og drikkeregionen kan vere starten på dette arbeidet. Slik kan vi løfte omdømmet, rekrutteringa og kompetansen til næringa og næringslivet generelt. 

Mat- og drikkeambassadøren er initiert av restaurant- og matfag ved Sogndal vidaregåande skule, Lerum, ViteMeir, Fjærland Fjordstove og Sogn Næring. Desse utgjer prosjektgruppa, som utformar aktivitetane i prosjektet og planlegg kommande tiltak.

Ambisjonen for prosjektet er at det skal verte ei fast stilling i Sogn Næring/Sognefjorden Næringshage, for å sikre kontinuitet og langsiktigheit i arbeidet. For å kome i gang med satsinga vert det i første omgang starta eit 3-årig prosjekt. 

 

 
 

Prosjektet er gjort mogleg takka vere:

 
 
 

 

Har du lyst til å setje Sogn på mat- og drikke karta? Ta kontakt for ein uforpliktande prat om prosjektet!

 

Oppdateringar