Skjolden

Inst inne i Lustrafjorden, den inste fjordarmen til Sognefjorden, ved foten av Jotunheimen sine mektige fjell, finn du Skjolden.

Sognefjorden blir ofte kalla "Kongen av fjordane" grunna sin venleik, lengde og djupn – og kanskje fordi staden du kjem til om du følgjer han heile vegen til endes er nett som om du skulle følgja regnbogen og finna det sagnet fortel om: Eit eventyr.

Spekkhoggar i fjorden

Naturbasert næringsliv

Pressfrukt og småskala siderproduksjon i «Edens Hage», Kraftproduksjon i Skagen Kraftverk i nabobygda Fortun, hotell, campingplassar og aktivitetsturisme og om lag 30 cruiseskip legg til kai i sesongen. Det er mange som vil oppleva fjordbygda, og til og med vegen inn byr på kulturhistorie med utsyn mot UNESCO-lista Urnes Stavkyrkje og ikkje minst majestetiske Feigefossen, det andre høgste, uregulerte fossefallet i Skandinavia. Og kanskje får du sjå både sel og spekkhoggarar.

Flyfoto av Skjolden

Ein plass med utsikt, laga for innsikt

Det var i Skjolden filosofen Wittgenstein fann arbeidsro. Han bygde seg eit hus heilt for seg sjølv, på ei utilgjengeleg berghylle i bratt og ulendt terreng inst i Sognefjorden. Huset er freda, og er eit kulturminne om utviklinga av samfunnet. No kan du gjera som Wittgenstein og jobba remote frå Skjolden.

På Fjordstova ved fjøresteinane får du moderne kontorlokale og eit spennande kollegialt miljø, symjebasseng, klatrevegg, skytebane, styrkerom og til og med ein liten kino. Tett ved er flott fotballbane, volleyballbane og badestrand.

To jenter som ser utover elv/foss

Prøvebu

Og det beste av alt; du kan prøvebu Skjolden. Bygdelaget byr på ein varm bygdevelkomst med hjelp til å finna hus, jobb, eit sosialt program og eigen bygdevert for hjelp til smått og stort. Familiar, par og single er velkomne. I Skjolden ligg alt til rette for at du kan få eit eventyrleg år – eller fleire.