Kaupanger

1100 innbyggjarar, 1200 arbeidsplassar, ei rik historie og i dag ei levande bygd med eit yrande folkeliv, næringsliv, handel, reiseliv og fritidstilbod.

«Kaupang» er frå norrønt, og sett saman av orda «kaup» som tyder å kjøpa, og av «angr» som er fjord eller hamn. Berre sjå føre deg vikingskipa trygt fortøydde  i Amlabukti, med Kaupanger Stavkyrkje, den største av dei alle, ruvande i terrenget bakom, med eit yrande folkeliv med kjøp og sal av lokale og eksotiske varer. Frå gammalt av var fjorden viktig både som matfat, næringsveg og ferdselsåre, og var ein føresetnad for levemåten og busetnaden i Sogn.

Industri

Med 1200 arbeidsplassar og over 2 milliardar i årleg omsetnad, har Kaupanger Næringsforeining samla næringslivet på Kaupanger. Har du arealkrevjande aktivitetar er Kaupanger eit godt alternativ med god infrastruktur.

Kunnskap

Vitensenteret Vitemeir opna i 2021 og er eit populærvitskapleg opplevings- og læringssenter innan matematikk, naturvitskap og teknologi der dei besøkande lærer ved å eksperimentera. Her utforskar både barn og vaksne ulike fenomen knytt til natur, miljø, helse og teknologi gjennom aktivitet og samarbeid. Utforskande opplæring fremjar kritisk tenking og evne til å tenkja naturvitskapeleg. Ta også turen innom De Heibergske Samlinger, Sogn folkemuseum, som er kjent for å ha Noregs største reiskapssamling, og Sogn Fjordmuseum med båtar, båtbyggjarreiskap og fiskereiskap, og lær av historia.

Sport og fritid

Motorsport, sykkelsport med pumptrack og stisykling, frisbeegolf, fotball og lysløyper. Kaupanger kan by på det meste av aktivitetar for både born og vaksne. Ikkje minst finn du Sogndal si kanskje finaste sandstrand på Kaupanger. Eit sterkt lokalt samarbeid har fått flytta sand frå havbotnen ved Gulen til Eidet inst i Sogndalsfjorden, og med det etablert Sogn sitt eige Stillehavsparadis.