Jostedalen

Bygda ved inngangen til Nigardsbreen Naturreservat.

Breheimsenteret med utsyn til det karakteristiske brefallet Nigardsbreen, besøkssenteret som formidlar naturverdiane til Breheimen og Jostedalsbreen nasjonalpark, historia og aktivitetane i bygda. Med 100 000 besøkjande i turistsesongen er det yrande liv i bygda med brepub, konsertar og aktivitetar, men dei 400 fastbuande har også eit godt liv i vinterhalvåret.

Ei samla bygd

Eit heilårsope hotell syter for dei gode møta, både i og utanfor turistsesongen. Når turistane reiser, får dei fastbuande bygda attende. Fleire av dei som er komne for å jobba i sesongen, kjem att år etter år, og nokre vel jamvel å bli. Difor er bygda ein smeltedigel med alt frå internasjonale guider og fjellfolk, folk som av ulike grunnar har forelska seg i naturen og/eller folka her, og bygdefolka med aner lengre attende enn svartedauden. Og dei er stolte over å gå så godt i hop.

Bustad og oppvekst

Jostedal oppvekstsenter har 13 fast tilsette fordelt på om lag 9 årsverk. Det er 12 born mellom eitt og fem år i barnehagen, og 25 elevar i 1-7. kasse, og skulen er i vekst. Bustad er ikkje alltid like lett å finna, men siste året har tre hus skifta eigarar, og bygdelaget saman med kommune og utbyggjar ynskjer byggja fleire leiligheiter for å kunne ta i mot fleire som ynskjer å flytta til bygda, eit prosjekt med byggjestart i 2024.

Næringsliv og arbeidsplassar

Jostedalen industrier syter for kontorfelleskap for dei med heimekontor, dei med eigne verksemder som ynskjer seg eit kontorfellesskap, og andre som treng kontorlokale på årsbasis eller i deler av året. Her er det verksemder mellom anna innan industri, reiseliv, veving og kunst. Bygget er stort, og rigga for vekst. Det er fleire aktive gardsbruk i bygda, og elles pendlar mange til arbeidsplassar i kommunesenteret Gaupne, 30 min unna. Her er det eit vidt spekter av stillingar innan naturforvaltning, skredvarsling i NVE, i Statkraft, i kommunesektoren, innan helse, eller i banken. Nokre pendlar ein halvtime ekstra til stillingar på Høgskulen på Vestlandet eller til den vidaregåande skulen; Arbeidsplassar som er flinke til å tilretteleggja for dagar med heimekontor slik at total pendlartid i veka held seg på eit godt nivå.

Aktuelt