Sylvringen gjer seg klar for sesongen

Hopperstad Stavkyrkje, gravhaugar, Hove steinkyrkje, strandsitjarstovene og ein smakebit av gamalost og bringebærjus på Blix hotell. Den kulturhistoriske vandringa til Sylvringen syner fram Vik i Sogn ved Sognefjorden frå vikingtida og fram til i dag,  presentert av lokale guidar med kulturhistorisk kunnskap om livet i bygda før og no.

–  Gjestene våre set pris på å få oppleva alt det flotte Vik har å by på. Dei er interesserte i kvar og korleis me lever i dag, og å sjå dei historiske prova frå svunne tider, fortel Geir Johansen, dagleg leiar i Sylvringen.  

– Og så prøver me å gjera vandreturen hyggeleg for gjestene, gje dei ei god oppleving, og det trur eg at me får til, smiler Geir.

Johansen er tidlegare Offiser, men tok sluttpakke kring årtusenskiftet når forsvaret la om drifta. Sidan har han starta opp ulike verksemder, jobba med ulike prosjekt og driv gardsbruk saman med sambuaren sin.

Starta opp for å syna fram det nyrestaurerte kraftverket

Selskapet Sylvringen, som fekk namnet sitt etter sylvringen som vart funnen i ein gravhaug på Stadheim, vart skipa av lokale investorar saman med Sogn Sparebank og Vik kraftlag i 2016 for å syna fram Refsdal Kraftstasjon frå 1913; Kraftverket som gjorde at bygda vart mellom dei første i fylket som fekk kraft til allment bruk, og som var i drift heilt fram til 1957. Bygget var berga av ildsjeler som hadde samla inn midlar til restaureringa av bygget.

– Når kraftstasjonen vart restaurert og berga frå forfall ville me gjerna syna fram dette staselege kraftmuseet og historia kring kraftproduksjonen i bygda vår. I prosessen som følgde såg me at det ikkje var tilrettelagt for å besøkja nokon av dei historiske perlene i bygda med unntak av kyrkjene, og det ville me så gjerne gjera noko med.

Difor starta Sylvringen med guida turisme. Endeleg vart dei kulturhistoriske skattane som hadde vorte liggjande gøymde og gløymde for allmenta tilgjengelege att.

Sjølv med ein turbulent start grunna koronapandemien, er guideaktiviteten i dag i fin vekst. Sylvringen er jamvel på leit etter å skaffa enno fleire guidar til sommarsesongen som ligg an til å bli svært god for reiselivsaktørane i bygda.

Gode samarbeid gir gode opplevingar for gjestene

Sylvringen har ulike vandreprodukt til sals på nettsida si. I tillegg byr dei på eigne aktivitetspakker på førespurnad frå aktørar, grupper og privatpersonar.

– Mange av gjestene våre kjem frå Tyskland og Nederland, samt mange Amerikanarar kjem for å sjå kvar forfedrane kom frå. Sylvringen syr saman produkt og aktivitetspakker som skal treffa dei ulike gjestene på best mogeleg vis.

Nokre er spreke og vil gå mykje, nokre vil gjerne bli køyrde rundt for å sjå mykje.

Og det manglar ikkje på eksempel frå historia som er fine å syna fram som kanskje ikkje er like kjende som kyrkjene og gravhaugane.

– På Vikøyri er det fint å kjenna på det historiske suset frå strandsitjarmiljøet, og gjestene kan gå inn og besøkja det eine huset som står akkurat slik det vart forlete for siste gong for vel 50 år sidan.

Ein strandsitjar var ein husmann utan jord. Dei var dagarbeidarar, og mange arbeidde rundt om på gardane før dei reiste ut og fann seg arbeid. Dei var skomakarar, smedar, snikkarar og fiskarar. Strandsitjarane bygde seg små hus tett i tett ved fjorden, kvart på 30-40 kvadratmeter, dei kunne gjerne vera 10 personar som delte eit slikt stovehus.

Det er eit rikt spekter med historiar til å ta og kjenna på.

– Den utrulege forteljinga om Fridtjof den frøkne og noregsvenen Keisar Wilhelm II som fekk ideen om å reisa den enorme bronsestatuen, og ikkje minst sjølve avdukinga seinsommaren 1913 då vesle Vangsnes vart midtpunktet i Europa gjennom nokre festlege og hektiske dagar er eit eksempel som er flott å syna gjestene. 

I tillegg til kunnskap om historia er det gjerne fjord, fjell, fossefall og spektakulær natur som står på ynskjelista til gjestene. På Hovsåsen har mange gjester nytt nistepakka si med ein smakebit gamalost og bringebærsaft med flott utsyn over Vikøyri og fjella som stuper ned i fjorden. 

– Me samarbeider med Steim Gard som har mjuke alpakkaer, nysgjerrige geiter og staselege moskusender. Dei er ei fryd å besøkja for både born og vaksne. Ein tur med RIB eller fisketur på Sognefjorden i solnedgang saman med Vik Adventure er den perfekte avslutning på dagen, fortel Geir.

Sylvringen ynskjer fleire aktørar velkomne til å starta aktivitets – og reiselivstilbod.

– Me er fleire små reiselivsaktørar, me kjenner kvarandre godt, og samarbeider tett. Difor er det lett å få til noko saman. Aktivitet avlar aktivitet. I Vik skal alle gjester finna noko som er interessant å gjera.

3000 personar innom turistinformasjonen på ein dag

Turistinformasjonen i Vik i Sogn. Geir Johansen til høgre. Foto: Sylvringen.

Sylvringen står for drifta av den lokale turistinformasjonen på vegne av kommunen. Hit kjem turistane for å finna ut kva aktivitetar dei kan bli med på og kva turar dei kan gå i området. Ikkje minst må alle cruisegjestene gå via turistinformasjonen for å koma seg i land og attende på skipet. Det blir det mange menneskjemøte av, og Geir kan avliva myta om cruiseturisten; 

– Svært mange er spreke og vil ut på tur. Dei spør om fjell og fossefall, kvar dei får oppleva naturen og kan sjå seg rundt. Ser me at dei er godt skodde og kledde, kan me senda dei opp dei stupbratte fjellsidene våre, og me får stort sett kun blide fjes attende som er frå seg av begeistring for turen dei nettopp gikk.

Turistinformasjonen byr óg på lokale matskattar og lokalproduserte suvenirar.

– Nyplukka bringebær, honning, skinnvarer, bøker, sølvvarer og anna handarbeid er lokalproduserte suvenirar som både cruiseturistane og andre tykkjer det er kjekt å kjøpa med seg frå turistinformasjonen.

Travelt når cruiseskipa legg til kai

Når cruiseskipa legg til kai, kan Sylvringen ha 14-15 guidar i sving samstundes.

– Føremonet vårt er at me er lokale. Guidane våre bur og jobbar ved Sognefjorden, og kan fortelja om livet her i tillegg til historia til det me ser kring oss. Guidane våre er skuleungdom, pensjonistar, og andre yrkesaktive andre stader, men som tykkjer det er kjekt å vera vert for turistane. Og det er dei me ynskjer oss fleire av.

Guideselskapet har 20 namn på blokka som jobbar timebasert, og dei ynskjer seg enno fleire guidar. Spesielt i skuldersesongen kan det vera vanskeleg å skaffa nok folk. 

Har ikkje monopol

Cruisebransjen brukar shore-agentar, eller såkalla landagentar som mellomledd for å finna aktivitetar, turar og konsept på land som gjestene kan bestilla på førehand.

– Eit av guideselskapa som opererer her kjem hit med sine eigne guidar som ofte er internasjonale ungdomar, og som reiser att etter turistsesongen. Dei kjenner ikkje livet ved Sognefjorden slik me gjer.

Det konkurrerande guideselskapet tek ein del av gjestene med til Flåm og Gudvangen, tilbod som Sylvringen ikkje har.

– Me må vera betre, og tilby ei betre oppleving og eit betre produkt for å vera det føretrekte selskapet for dei andre kundane våre. Slik sett er det berre positivt med konkurranse om lokal guiding, det gjer at me heile tida må tilby det ypparste frå bygda vår.

Eit ynskje for gjestene i Vik

– Eg ynskjer meg betre internkommunikasjon. Ein shuttlebuss som går mellom kyrkjene og Storesvingen; panoramatur for dei som ikkje kan gå sjølve, men som gjerne vil opp på fjellet og få utsikta. Lokal transport ville løyst dette problemet for mange gjester.

Elles har ikkje Geir meir på ynskjelista, men er svært tilfreds med å jobba for Vik som reisemål.  

– Alt i alt er dette veldig spennande å halda på med.

VikLisbeth Bringebøen