–  Ei skikkeleg spennande stilling for deg som er samfunnsengasjert     

Avdelingsleiar John Tveit i avdeling for samfunnskontakt - arbeidsliv og livslang læring ved HVL.

Det seier avdelingsleiar John Tveit om den nye rådgjevarstillinga i avdeling for samfunnskontakt - arbeidsliv og livslang læring ved HVL.

Han er på besøk på Campus Sogndal og gler seg til kveldens campusfest som er ei markering av at HVL er fem år. På dagtid blir det gjennomført ein panelsamtale om korleis HVL kan bidra til regional utvikling gjennom betre samarbeid på tvers av fagmiljø. På ettermiddagen blir det gratiskonsert med Tone Damli og Anna of the North, sofaprat med Tore Andre Flo, grilling, uteservering, volleyballturnering, campus-løp og mykje anna kjekt.

– Som den einaste av HVL sine fem campusar er feiringa i Sogndal open for absolutt alle – studentar, tilsette og alle i og rundt Sogndal er hjarteleg velkomne, seier han.

Det er ein inkluderande kultur på campus Sogndal.

Ny avdeling i vekst – tett på næringsliv, samfunn og studentar

Avdelinga Tveit styrer er kun eit drygt halvår gamal, og er eitt av fleire viktige og synlege grep høgskulen har gjort for å styrkja arbeidet med regional utvikling, samhandling, og etablering av nærare kontakt med samfunn- og arbeidsliv. Til no er dei ti tilsette som er organiserte i tre team med ansvarsområde innan arrangement og kurs, studententreprenørskapsatsinga HVL Skape, og ikkje minst: Samfunnskontakt og livslang læring som er teamet han no rekrutterer til.

Frå hausten skal HVL ha ein samfunnskontakt per campus, som er ein ny og offensiv satsing. Ein av dei er allereie på plass i Sogndal. Tone Skjerdal vart tilsett på høgskulen i 2004 og har lang erfaring med arbeid knytt til samfunnskontakt og samarbeid med omgjevnadane.

– Personen som blir tilsett i den utlyste rådgjevarstillinga inngår i samfunnskontaktteamet, får vera tett på arbeidslivet, samfunn og studentar, og skal mellom anna hjelpa til med å vidareutvikla støttesystem og verktøy for samhandling internt og eksternt. Dette kan til dømes vera samarbeid mellom fakultet og administrative einingar, oppfølging av samarbeidspartar, ny alumni-satsing og campusutvikling, seier Tveit.  

Samarbeid på tvers i Sogn

– I Sogndal har høgskulen alltid jobba godt saman med lokalt næringsliv og samfunnet rundt, skryter Tveit. No som HVL er fem år ser me at samarbeida på dei ulike campusane har vore handtert ulikt, og me ynskjer ein systematikk i måten HVL bygger opp nettverksaktiviteten mot næringslivet og andre samarbeidspartar. Dette prøver me å få til gjennom å etablera gode støttesystem og verktøy på tvers av alle campusane til HVL, fortel han.  

– Nyleg har me også etablert ei delt stilling med næringsselskapet Sogn Næring. Denne stillinga skal inngå i HVL Skape-teamet, bidra til kulturbygging og mobilisering for entreprenørskap for ungdom og studentar, i tillegg til å knyta saman arbeid med innovasjon og entreprenørskap i HVL og Sogn Næring med resten av utviklingskapasiteten i Sogn, fortel Tveit.

– Eit slikt samarbeid har me i dag i Førde og i Sogndal. Slik sett vil ein ny rådgjevar på avdelinga vår ved Campus Sogndal komma inn i eit spennande miljø lokalt, og kunna ta del i den viktige samfunnsutviklinga som skjer i regionen.

Arbeidsstaden til den nye stillinga i team for livslang læring og samfunnskontakt har valfri arbeidsplass, slik som fleire av rådgjevarstillingane som HVL byr på. Du får difor velja om du vil ha kontorstad Sogndal, Bergen, Haugesund, Førde eller Stord.  

Læra heile livet – eit viktig samfunnsoppdrag for Universitetet på Vestlandet

– Det er endringane i arbeids-og samfunnsliv som påverkar behovet vårt for å læra heile livet. Omgrepet livslang læring handlar om all organisert læring gjennom livet, og inkluderer formell utdanning så vel som annan organisert læring gjennom arbeid og andre aktivitetar, forklarar Tveit.   

Stortinget vedtok «Kompetansereforma - lære heile livet» i 2020 med mål om at ingen skal gå ut på dato som følgje av manglande kompetanse. Omgrepa etter- og vidareutdanning skal vekk, og frå no skal det kun heita utdanning.  

– Mange av punkta i Hurdalsplattforma, regjeringsplattforma til Senterpartiet og Arbeiderpartiet, handlar om styrkja det regionale utdanningstilbodet og gje tilbod om høgare utdanning og livslang læring der folk bur, seier Tveit.

– Me skal gjennom samarbeid på tvers av team, avdelingar, fakultet, fleire campus, andre utdanningsinstitusjonar, samfunn og næringsliv levera gode resultat for å lukkast med oppdraget vårt, smiler han.

Arbeidet med å byggja det nye profesjons- og arbeidslivsretta universitetet på Vestlandet held fram. Og høgskulestyret vedtok sist veke det nye namnet – Universitetet på Vestlandet.

Høge ambisjonar i nyoppretta avdeling  

Det er høge ambisjonar i avdelinga Tveit styrer. Dei skal mellom anna bidra til at HVL er ein synleg og attraktiv institusjon og samarbeidspartnar regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Avdelinga skal vera ein pådrivar for å vidareutvikla eksternt samarbeid, styrkja HVL sin posisjon som ein relevant kunnskaps- og kompetanseaktør og leggja til rette for innovasjon og utvikling gjennom god samhandling med samfunns-, arbeids- og næringsliv, heiter det i stillingsutlysinga.

Tilbake på Campus Sogndal set ein smilande avdelingsleiar. Han har ein plan for kva som er viktigast nett no for å byggja den nye avdelinga ved det som snart blir Universitetet på Vestlandet.

– No, kanskje meir enn nokon gong tidlegare, er samhandling med omverda sentralt, smiler Tveit. Etter to år med restriksjonar er eg oppteken av at avdelinga og teama skal få bruka tid på å treffast og vera saman att, både internt og utadretta. Me skal ikkje berre sjå kvarandre gjennom skjermen, seier Tveit.

– Dei beste resultata skjer i møte mellom menneskje, avsluttar Tveit.

Stillinga er utlyst med valfri arbeidsstad, men kvifor ikkje velja Campus Sogndal som kanskje er den mest inkluderande?

Sjå heile utlysinga: Rådgiver i Avdeling for samfunnskontakt - arbeidsliv og livslang læring

 Stillinga er utlyst med valfri arbeidsstad, men kvifor ikkje velja Campus Sogndal?