Skjermbilde 2021-05-01 kl. 20.06.06.png

Du får begge deler

Du vel ikkje mellom karriere og livsstil når du flyttar til Sogn.

Bu i Sogn 

Fridomen til å velja. Er det feil, ta eit nytt val. Reis ein annan plass. Du har fridomen. Og uansett om du har tenkt å vera knapt eit år eller resten av livet: Velkomen! Det er mange som deg her.  

I Sogn kan du leva ein annan livsstil enn i byen. Ein rural idyll på vestlandet med fagre fjell og fjord og tronge vik, i kommunar som er kåra til å vera blant landets beste i rangering av økonomiske prestasjonar og rammevilkår for næringslivet (kommune-NM 2021).

Du vel ikkje mellom karriere og livsstil når du flyttar til Sogn. Du får begge deler.

I Sogn kan du starta dagen på kontoret og nyta ettermiddagen. Rusle ein ettermiddagstur langs fjorden, eller nyt Sognefjorden frå sykkelsetet på grus eller sti. Du rekk til og med ein ettermiddagstur på fjorden når du i Sogn bur tett attmed han. Ta fram kajakken eller SUPen. Er snøen komen? Finn fram hovudlykta og toppturskia og kos deg i laussnøen – eller kanskje ein trugetur under stjernehimmelen fristar meir? Valet er ditt.

Arbeidsplassen din er fleksibel, du får fridomen og utfordringane du søkjer. Du kan jobba med forsking og utvikling, med teknologi og programmering, med rådgjeving og planlegging. Arbeidsgjevaren din er stat, kommune eller privat næringsliv. Du kan starta eiga verksemd eller til og med ta med deg jobben du allereie har. I Sogn er det fleire opne kunskapsmiljø og kontorfellesskap med nyskapande gründerar og folk som jobbar remote.

Me kan lova deg at du kjem til å finna andre likesinna med dei same verdiane og interessene du har, om det er naturopplevingar i særklasse, quiz, trekkespelklubb, eller kanskje litt av alt. Og meir til.

Sogn er på mange måtar sameleis som å bu mange andre stadar, det er berre litt færre folk du ikkje kjenner her.

 

Aurland

BALESTRAND

Fjærland

Fresvik

jostedalen

Skjolden

Årdal

GAUPNE

Kaupanger

SOGNDAL

HAFSLO

LEIKANGER

Vik


 

Sogn minutt for minutt - ein felles bu- og arbeidsmarknad

Kan du tenkja deg å bruka 30 minuttar frå du reiser frå bustaden din i regionsenteret Sogndal til du går inn kontordøra i Gaupne? Eller kva med å bu i ein eplehage på Leikanger og pendla inn til industriarbeidsplassane på Kaupanger? Du brukar ikkje meir enn 30 minuttar på denne strekninga heller. Ein felles marknad for arbeidskraft og arbeidsplassar betyr at du ikkje treng å flytta eller bruka vesentleg tid på å reisa for å arbeida. Avstandane i Sogn ser kanskje lange ut på kartet, men i kø-frie samfunn er tida du brukar på å flytta på deg kortare enn tal kilometer.

I Sogn kan du arbeida på kompetansearbeidsplassar i Leikanger, Sogndal, Vik eller Gaupne uavhengig av kvar i Sogn du buset deg. Med eit stort og variert næringsliv kan du skifta jobb utan å skifta bustad.