Remote

Vil du helst vera i fred, eller jobbar du best saman med andre? Kanskje tenkjer du klårast når du er på ein fjelltopp? Ved Sognefjorden har du valfridomen til å velja akkurat det miljøet som passar deg og arbeidet ditt best.

Filosofen Wittgenstein bygde seg eit hus heilt for seg sjølv, på ei utilgjengeleg berghylle i bratt og ulendt terreng inst i Sognefjorden. Av og til er det slikt som må til for å få arbeidsro. No som då kan du finna roen du treng ved Sognefjorden.

Å vera i augneblinken, finna kvilepuls, bruka sansane. Å kjenna på det som alltid har vore slik – vill sognanatur som er ekte og urørd av menneskje. Gå dei bratte bakkane. Fort. Få utsikt over fjorden, gå på Jostedalsbreen eller toppane i Hurrungane. Rein Fridom. Det er dette du treng i arbeidslivet ditt.